«Det er ikkje korleis rumpa di ser ut i sommarvarmen som tel, men korleis den ber deg opp trappa til terrassen ...Og det er ikkje grevinnehenget på armane som avgjer kor god du er til å kaste kubb,» skriv Birgit Skarstein.
Birgit Skarstein, idrettsutøvar
Birgit Skarstein, idrettsutøvar

Denne teksten stod først publisert på Facebook, og er gjengjeven med løyve frå forfattaren.

Noregs uoffisielt største meisterskap er i gang. Nokre få vinnarar og litt for mange taparar skal kårast. Kor mykje klarar du i kroppspress?

Det er på sin plass å stille sportsjounalistikkens mest kjende spørsmål: Kva føler du no?
Kjenner du deg digg nok til å gå i bikini eller baris, eller gøymer du deg unna med arr, nokre kilo ekstra her og der og eit par strekkmerker? Kanskje gøymer du eigentleg bort ein heilt vanleg kropp?

Usynlege bak mobilskjermar og i ein flaum av perfekte bilete, sit det bra folk med ei sår kjensle av å ikkje strekke til. Ei jente i tenåra sette sjølv ord på det i kommentarfeltet til ein sommarkropp: «Du har så fin kropp, som eg skulle ønske eg hadde. Det blir ikkje bikini i år heller. Sjølvtilliten er ikkje på topp».

Kor mykje klarar du i kroppspress?

Kva om vi vart einige om at det er kva vi kan bruke kroppen til som skal bety noko for oss?

Eit par år etter at eg vart lam var eg på min første sydenferie med rullestol. Eg hadde heilt ærleg mest lyst til å ligge i skuggen på hotellet og lese bok. Eg såg ikkje heilt poenget med å dra på stranda.

Det var sårt, eg må innrømme det. Eg elska kjensla av å stå i vasskanten og kjenne sand skli mellom tærne i det bølgjene var på veg ut. Eg syntest det var topp feriefordriv å spele sandvolleyball og svømme motstraums.

No kjende eg meg fanga. Rullestolen søkk ned i sanden, hjula grov seg fast og bikinien vart full av sand når eg akte meg framover på rumpa. Eg fekk ikkje kroppen til å fungere til det eg likte best å gjere. Boka i skuggen var ei forlokkande flukt frå det heile.

Kva om vi vart einige om at det er kva vi kan bruke kroppen til som skal bety noko for oss?

Då var det takk og pris nokon som ikkje tillét meg det. Anne og Kris plukka meg opp og kasta meg i sjøen. Så bar dei meg rundt på stranda så lenge eg berre orka å henge på ryggen. For dei var det viktigaste at vi søskena var saman. Dei steppa inn der kroppen min streika.

Det er absurd for meg at konkurransen om sommarkroppen handlar om å vere deilig nok til å gå i bikini eller baris, medan det som faktisk betyr noko er kva du kan bruke den til. Tenk på kor bra kroppen er, og kor mange mogelegheiter den gjev!

Det er ikkje korleis rumpa di ser ut i sommarvarmen som tel, men korleis den ber deg opp trappa til terrassen. Det er ikkje storleiken på magen som avgjer om du kan gå tur i favorittkjolen, men korleis den rake ryggen din tek deg dit du vil. Det er gleda og raustleiken de deler, og ikkje talet strekkmerker på låret, som avgjer kor triveleg det er på café med venninner. Og det er ikkje grevinnehenget på armane som avgjer kor god du er til å kaste kubb.

Idrettsutøvar Birgit Skarstein oppmodar alle til å stresse ned i jaget på ein Instagram-sommarkropp. Foto: Erik Norrud

Sjå på dette bilete. Sjå på beina. Desse har fått gjennomgå frå folk som meiner dei ikkje er fine nok til å gå i skjørt eller vere på stranda. Dei hadde kanskje ikkje sanka så mange likes på insta. Men sjå så på heile bilete. Arra viser at eg har lært noko viktig om livet. Overkroppen viser funksjon. Og det viktigaste er at kropp og sinn saman gjev meg mogelegheit til å gjere det eg vil.

Eg håpar du har ein fantastisk familie og gode venner som ber deg der du sjølv ikkje kan gå. For det er ikkje korleis vi kjem oss i vatnet som er viktig, eller korleis vi ser ut når vi går dit. Det er kva vi gjer og kven vi gjer det med.

Stress ned, nyt livet og gå rakrygga inn i ferien.

God sommar!

Innlegget er sett om til nynorsk av Framtida.no.

Oppdatert: torsdag 11. juli 2019 16.01

LES OGSÅ

MEIR FRÅ ADMIN

Kommentarar

ANNONSE