Ekspertar ser moglegheiter for å redde naturmangfaldet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det viktigaste er å få fram kva samfunnet i stort tener på å ta vare på naturen og økosystemet og kvifor det betyr noko for næring og folk, seier Finn Katerås.

Han er ein av leiarane for Trondheimskonferansen om biologisk mangfald, som blir avslutta fredag. Her har 450 ekspertar, miljøministrar, og representantar for ulike organisasjonar denne veka diskutert korleis ein kan avgrense tap av biologisk mangfald.

Les også ekspertintervjuet som forklarar korleis klima og naturmangfald heng saman.

Har dårleg tid

– Tonen på konferansen har vore todelt. Mange ser ein negativ utviklingstrend som krev store grep for å verte forandra, men det er òg ein del nye, positive ting som skjer, seier Katerås, og held fram:

– Vi ser mellom anna at ungdom engasjerer seg, og at næringslivet i større grad melder seg på med konkrete tiltak.

Ein rapport FNs naturpanel (IPBES) la fram i mai viser at éin million arter er utryddingstrua, og at endra bruk av areal er det som påverkar naturen mest.

Katerås understrekar at det hastar med å gjere endringar som bidrar i stort nok mon, og at det vil krevjast tydelege systemendringar for å avgrense tap av biomangfald.

– Det er eit klart bakteppe at vi ikkje har god tid på oss til å gjere dei store endringane som vert kravd, seier han.

Les også om studien som slår fast: Plantar vert utrydda 500 gongar fortare enn normalt

Mogleg å avgrense global oppvarming

I utkastet til sluttrapporten til konferansen, som vart presentert fredag, blir det uttrykt ein viss optimisme rundt moglegheitene for å avgrense skadane på miljøet.

Den ferdige rapporten vil bli blir brukt som grunnlagsdokument i den internasjonale prosessen fram mot at verda skal finne nye felles mål for biologisk mangfald i Kina i 2020.

I rapporten står det mellom anna:

  • Avgrensing av global oppvarming til 1,5 grad er mogleg, men dette vil krevje ein overgang utan sidestykke i alle aspekt av samfunnet.
  • Det er viktig å sjå på biologisk mangfald som ei løysing, heller enn å fokusere på tapet av mangfaldet.
  • Aktørane – både statlege og ikkje-statlege – må verte haldne ansvarlege for handlingane sine på ein transparent måte.

Dei understrekar òg at dei fleste internasjonalt vedtatte måla for biomangfald ikkje vil bli nådd dersom landa held fram som før.

Les også om korleis betre språk kan redde klima: – Ordet klimaendringar kan faktisk redusere engasjement

Får problema i retur

Katerås er klar på at òg nordmenn bør reflektere over korleis handlingane deira påverkar biomangfaldet.

– Vi har eit biomangfald som betyr mykje for mange, og som er svært viktig for norske næringar, seier Katerås.

– Samtidig er Noreg avhengig av matimport frå land s om i stor grad blir påverka av klimaendringar, og det kan få konsekvensar for det vi et i dag. Dette er globale problem, og dersom vi held fram å øydeleggje økosystem, aukar klimautfordringane, og vi får desse problema i retur seinare.

Les også: Blant norske kommunar er det under sju prosent som har innført vegetariske dagar, trass i at forskarar tilrår kraftig kutt i forbruket av raudt kjøtt: – Overraskande at dette ikkje søkk inn