Plantar vert utrydda 500 gongar fortare enn normalt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit forskingsprosjekt kartla meir enn 330 000 artar frøberande plantar, og resultatet er slåande.

Sidan 1900 har frøberande plantar forsvunne med ein fart på nesten tre plantar årleg. Det er opp mot 500 gongar raskare enn det ein kan vente av naturlege årsaker åleine.

Det skriv det britiske naturvitskapelege tidsskriftet Nature.

Tropiske plantar mest utsette

Resultatet kjem frå den største plantestudien nokosinne. Databasen vart starta av den belgiske botanikaren Rafaël Govaerts i 1988. I 2015 slo han seg saman med den svenske biologen Aelys Humphreys for å analysere dataa.

Kartlegginga syner at plantar som veks på øyar og i tropane er dei som mest utsette for å verte erklært utrydda. Tre, buskar og andre fleirårige staudar har høgast sannsyn for å forsvinne uavhengig av kvar dei veks.

Dei mest truga artane er i stadar med høgt biologisk mangfald og veksande befolkningstal, som Madagaskar, regnskogar i Brasil, India og Sør-Afrika.

Les også ekspertintervjuet som forklarar: Korleis heng naturmangfald og klimaendring saman?

Problemet er endå større

Fylogenetikaren Jurriaan de Vos frå Universitetet i Basel, Sveits, seier studien mest truleg undervurderer problemet.

De Vos poengterer at nokre planteartar er «praktisk talt utrydda». Dei eksisterer berre i botaniske hagar og i så små tal i naturen at forskarar ikkje forventar at populasjonen skal overleve.

– Du kan tynne ut ein populasjon eller redusere ein populasjon av tusen ned til éin, og tingen er framleis ikkje utrydda. Men det betyr ikkje at alt er OK, seier de Vos.

Les også om rapporten som slår fast: 60 prosent av jordas dyreliv er utrydda