Då eg var 20: «Bare Egil» såg skumle teikn til at klimaet var i endring – heldigvis ordna det seg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då eg var 20: «Bare Egil» såg skumle teikn til at klimaet var i endring

Egil Hegerberg er mannen bak artistnamna Bare Egil og Angelov Doom.

Som han sjølv seier «Det er eg som hadde den der Arne går mot døra, veit du, om han som fell ned trappa, og pipestemme og greier». Hugsar du han?

No er Hegerberg igjen aktuell med ei ny plate Null, som ifølgje Dagsavisen sin meldar har «litt tull og mye gull».

Det store spørsmålet er: Hugsar Egil Hegerberg seg sjølv som 20-åring?

Kor var du du var 20?

Eg var vel stort sett i Oslo på den tida.

Dette var ei av bøkene Hegerberg las i staden for pensum.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg gjekk på universitet i Oslo og studerte nordisk språk og litteratur. Men samstundes var eg veldig i startfasen med å spele i band og lage låter og eg hadde nok ein del meir fokus på det enn studiane.

Eg hadde også den idiotiske uvanen at eg las enorme mengder med litteratur utanfor pensum, noko som var rimeleg korka når sjølve pensum var på 10.000 sider og nesten umogeleg å kome gjennom i seg sjølv.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Tja. Muren fall året før, så det var ganske mykje action i Aust-Europa. Men eg var ikkje veldig oppteken av nyheiter på den tida.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg høyrde på Nomeansno og The Pixies og eg las The Dice Man av Luke Rhinehart.

Det canadiske bandet Nomeansno kom med kritikarroste plata Wrong i 1989. Her frå ein konsert året etter: 

Hugsar du 20-årsdagen din?

Niks. Men det skulle ikkje forundre meg om eg feira dagen med å jobbe på Bøker Auto Senter.

Kva er det sterkaste minnet frå du var 20?

Eg sykla heim frå Blindern med ein is i handa, fall av sykkelen i ein sving og brakk to fingrar. Den eine har aldri vorte bra igjen. Kan til dømes ikkje rettast ut, så det får eg ei påminning om dagleg.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Foto: Privat

Eg hadde ein slags draum om å verte forfattar, men eg fekk litt bakoversveis av kor mykje arbeid og omtanke som tydelegvis låg bak ei god bok av litteraturstudiet.

Dessutan hadde eg ikkje eigentleg noko særleg på hjartet og rekna nok med at eg kom til å ende opp som lærar.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg var nokså pessimistisk. Syntest klimaet viste skumle teikn til endring og tenkte at det ikkje lova så bra. Heldigvis ser det ut til å ha ordna seg. Neida.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg trur eg ville vorte imponert over humøret, pågangsmotet og den ugrunna sjølvsikkerheita på enkelt område i livet.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Vere litt meir sosial, drikke litt mindre så eg kanskje hadde fått med meg meir av det eg heldt på med, og jobbe meir systematisk med å skape ting og forbetre meg som musiker, komponist og forfattar.