Universitetet i Agder (UiA) bad for eitt år sidan Kunnskapsdepartementet om å få sleppe nynorsk, men har etter den tid prøvd å ta seg saman. 98,5 prosent av langtekstane var likevel på bokmål i fjor.

For tekstar på over ti sider vart nynorskinnslaget redusert frå 5,5 prosent i 2017 til 1,5 prosent i 2018, skriv fagbladet Forskerforum.

Berre UiA-magasinet oppfyller lovkravet om at minst 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk. Elles auka universitet innslaget av nettsider på nynorsk frå 4,3 til 5,1 prosent, mens talet på korte tekstar på nynorsk fauk i vêret frå 0,0 til 7,8 prosent. Nynorskinnslaget i sosiale medium steig frå 1,2 til 6,6 prosent, mens universitetet i fjor som året før hadde berre to skjema på begge målformer.

Les også: Utdanningsinstitusjonane lyt ta ansvar – studentane krev norsk fagspråk

Kurven går rett veg

– Universitetet i Agder har i 2018 hatt eit betydeleg fokus på å etterleve krava i mållova, skriv Universitetet i Agder i den årlege rapporten sin om målbruken i verksemda.

– Vi meiner sjølv at 2018 var eit år der vi ser at kurven går markert den rette vegen, sjølv om det framleis er ein lang veg å gå, heiter det i rapporten.

Les også: Forslaget om at studentsamskipnadane må følgje mållova vart avvist. Berre Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt støtta representantforslaget i Stortinget.

Språkrådet: – Framleis for lite

Språkrådet er ikkje synderleg imponert og ber UiA jobbe med nettsidene sine fram mot semesterstart.

– Når vi besøkjer www.uia.no i dag, finn vi at to av ti nyheitssaker er på nynorsk. Det er framgang frå tidlegare år. Likevel er nynorsken veldig lite synleg på nettsidene, og langt fleire av dei faste tekstane må omsetjast til nynorsk, slår Språkrådet fast i svaret sitt til UiA.

Les også om nynorskforvirring på biologieksamen: – Vert vanskelegare å vere nynorskbrukar, seier avgangselev Reidunn Hånes Egge

Avgangselev ved Volda vidaregåande skule Reidunn Hånes Egge fryktar at dårleg nynorskomsetting kan gå ut over karakterane til ho og klassekameratane. Foto: Privat

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE