Forslag om at studentsamskipnadane må følgje mållova vart avvist

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag denne veka handsama Stortinget eit representforslag fremja av Senterparti-politikarane Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete, Marit Knutsdatter Strand og Åslaug Sem-Jacobsen.

Det gjekk ut på at mållova også skal gjelde studentsamskipnadane, og dei såleis vert plikta til å nytte både nynorsk og bokmål.

– Det handlar om at studentar skal oppleve at vi tek tak i språkrettane deira, sa stortingsrepresentant Toppe til Framtida.no tidlegare i vår.

Les også: Målungdommen krev at studentsamskipnadene må følgja mållova

Nynorsk hjå to av fjorten studentsamskipnader

Representantforslaget var til behandling i utdannings- og forskingskomiteen tidlegare i juni.

Eit fleirtal med medlemmar frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti meinte då det ikkje var naturleg at studentsamskipnadane vert lagde under mållova slik ho er i dag. Dette fleirtalet meiner det ikkje er naturleg å jamstille studentsamskipnadane med offentlege organ.

Komitemedlemmane frå Senterpartiet og SV poengterte at av fjorten studentsamskipnadar, er det berre to, som dei er kjende med, som brukar noko nynorsk i dag.

Fleirtalet i komiteen innstilte på å avvise forslaget, men at den komande språkmeldinga bør ta føre seg språksituasjonen i studentsamskipnadane. Mindretalet beståande av Sp og SV innstilte på vedtak.

Tysdag vart forslaget stemt over i Stortinget. Sp, SV og Raudt stemte for, medan Ap, Venstre KrF, Høgre og Frp stemte imot. Det vart såleis ikkje vedteke.

 Her kan du lese representantforslaget, komiteinnstillinga og vedtaket.

Målungdomen: – Leit, men ikkje overraskande

– Eg synest det er veldig leit at forslaget ikkje vart vedteke. Dei hadde ein god sjanse til å slå fast at nynorsk må vere synleg for mange fleire, seier påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold.

Studentsamskipnadane er eit særlovsorgan på linje med Vinmonopolet. Forskjellen er at medan Vinmonopolet er underlagt mållova og difor lyt bruke nynorsk, så har studentsamskipnadane eksplisitt unntak.

Det synest Skjold er synd, særleg då nynorskstudentar ikkje alltid møter språket sitt i studiekvardagen:

– Studentsamskipnaden Saman brukar til dømes ikkje nynorsk i avdelingane sine på Stord. Når ein studentsamskipnad på Vestlandet, i den største nynorskbyen, ikkje brukar nynorsk, då er det noko som skurrar.

Gunnhild Skjold (23) er påtroppande leiar i Norsk Målungdom. Ho synest det er leit at Stortinget lot mogelegheita gli forbi, men er ikkje særleg overraska. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/NMU

Les også meiningsinnlegget som slaktar forslaget om mildare vurdering i sidemål: Ja til meir språkkompetanse, nei til bjørnetenester! 

Håpar på betring

Skjold understreker likevel at Målungdomen set pris på at forslaget vart fremja og at fleirtalet i komiteen var samde om at språkbruken i studentsamskipnadane bør drøftast i samband med den komande språkmeldinga.

Norsk Målungdom har også nemnd studentsamskipnadane i sitt innspel til språkmeldinga, og skriv der at dersom særorgan ikkje er underlagde mållova bør dei ha ein språkbruksplan som sikrar at både bokmål og nynorsk vert nytta.

Den påtroppande målungdomsleiaren både trur og håpar det kan føre til betring:

– Det treng ikkje vere gjennom mållova. Det kan også vere andre tiltak som fører til at studentsamskipnadar må bruke meir nynorsk, og som sikrar at nynorskstudentane møter språket sitt rundt seg.

Les også saka: Nynorskelevar klagar på at omsettinga av avsluttande biologieksamen var tvitydig. Norsk Målungdom fryktar at hendinga ikkje er unik.

Avgangselev ved Volda vidaregåande skule Reidunn Hånes Egge fryktar at dårleg nynorskomsetting kan gå ut over karakterane til ho og klassekameratane. Foto: Privat