Etterlyser synstolking på Instagram: – Vi vil ikkje nøye oss med eit dårlegare alternativ

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For mange er det som skjer på nettet samtaleemner på skulen, på jobb og i vennegjengen. For å føle seg inkludert og likestilt er det veldig viktig å få med seg det som skjer på ein plattform som Instagram, seier Guro Helene Sørdalen.

22-åringen er leiar i interessepolitisk utval i Norges Blindeforbunds Ungdom (NBFU), og har særleg ansvar for sosiale medium.

Framtida.no møter Sørdalen saman med sentralstyremedlem og jurist Henning Knudsen (24) på ein kafé i Oslo sentrum.

Sørdalen har tidlegare prata med Framtida.no om sin eigen situasjon, og at ho kjem til å miste synet før ho er førti år. Knudsen på si side er blind, og i fjor synte han fram korleis han bruker ekkolokalisering for å orientere seg i bybilete i Oslo.

– Om ein skal blade igjennom Instagram og berre få med seg kommentarane, så er det ikkje noko stort poeng, seier Guro Helene Sørdalen. Saman med Henning Knudsen oppmodar ho difor nordmenn til å synstolke bileta sine. Foto: Bente Kjøllesdal

 «Bilete kan innehalde ein person som smiler»

Sørdalen og Knudsen tek no til orde for at fleire svaksynte og blinde skal kunne bruke Instagram og ta del i samtalane som stammar frå emneknaggar, stories og tagging.

– Brukar du Instagram, Henning?

– Du bør ikkje spørje meg om det, for eg brukar det i praksis ikkje i det heile! svarar han og ler.

Samstundes understrekar han at mange andre som er blinde bruker plattformen aktivt. Endå synet skortar, er det inga hindring.

Knudsen forklarar at dei fleste telefonar har ein tale-funksjon som les opp alt som står på skjermen. På eit Instagrambilete utan synstolking vil telefonen lese deleteksten, samt gjette kva bilete syner: «Bilete kan innehalde ein person som smiler».

Det mange ikkje er klar over er at du kan legge inn ei eiga synstolking som forklarar kva som skjer på bilete. Det syner ikkje som tekst etter du legg ut bilete, men telefonen vil lese det opp.

«Bilete kan innehalde ein person som smiler» kan då verte «Dette er eit bilete av meg som smiler breitt, trass i at håret mitt ikkje er vaska og mascaraen renn nedover kinna. Eg er så glad fordi i handa mi har eg mitt mellombelse førarbevis!»

Lurer du på korleis du skal synstolke? Denne saka forklarar det viktigaste!

Ikkje vond vilje, berre uvitskap

– Noko av grunnen til at eg ikkje har brukt det er fordi eg ikkje har følt at det har vore noko vits for meg, seier Knudsen.

Til no har synstolking på Instagram vore mangelvare. Ingen av dei store riksavisene, bloggarane, kjendisane eller humorprofilane synstolkar bileta sine.

– Eg trur folk ikkje tenker over at det er ein mogelegheit for at det kan vere tilgjengeleg. Eg trur ikkje det er av vond vilje, eg trur berre dei ikkje er klar over det, seier Sørdalen.

Medlemsorganisasjonen har lenge drodla og diskutert korleis dei kan møte utfordringa. Til slutt fann dei ut at dei skulle ta kontakt direkte. Difor fekk også Framtida.no melding i innboksen.

– Vi vil ikkje nøye oss med eit dårlegare alternativ berre fordi det er meir tilgjengeleg. Det er Instagram som stort sett vert prata om i sosiale settingar, og det vert publisert politiske og samfunnsaktuelle tema vi vil følgje med på, forklarar Sørdalen.

Særleg for dei som er heilt blinde vil det vere eit stort tap å ikkje kunne ta del på sosiale medium, supplerer Knudsen:

– Det er ikkje alle aktivitetar ein får vore med på, så det å få vere med å diskutere og kommentere ting er utruleg viktig for det sosiale.

Har ei liste over lovnadar

Til no har tilbakemeldingane vore utelukkande positive. Sørdalen trekker fram profilar som Amalie Snøløs og Martine Lunde, som begge har fortalt at dei vil byrje å synstolke bileta sine, samt NRK Super.

Sørdalen innrømmer at NBFU er uroa for at positiviteten og viljen er forbigåande, og at dette vert eit blaff av medvite før det sloknar.

– Men vi har skrive ei lita liste med dei som har sagt ja, og dersom dei ikkje gjer det så kjem dei til å få ei lita hyggeleg påminning frå oss, der vi spør om dei har gløymt det, seier 22-åringen og ler.

Foto: Bente Kjøllesdal