Mawra Mahmood slutta i jobben som finansanalytikar for å bli frivillig og tok på seg å laga premierekjolen til Skam-Sana utan å ha sydd særleg mykje sjølv.
mm

– Det blir jo litt tøft. Hadde eg ikkje budd med mor mi, så trur eg ikkje det hadde vore mogleg i det heile tatt, seier Mawra Mahmood.

Framtida.no møter 29-åringen i leilegheita heime på Lindeberg i Groruddalen i Oslo.

Det er her ho arbeider. I stova har ho sitt eige sybord med skisser over. Under bordet står mora si gamle symaskin, som ikkje lenger er i bruk.

Ein berg og dalbane

– Eg trur det viktigaste er at ein set seg ned og reflekterer over kvifor ein vil gjere det, fordi du vil måtte, kvar einaste dag, minna deg sjølv på kvifor du gjer det. Eg har sånne berg og dalbanar bokstaveleg talt kvar einaste time kvar einaste dag, ler Mahmood.

Då hjelper det å ha klart for seg måla og ta med seg dei gode tilbakemeldingane.

Skisse av brurekjolen til Iman Meskini. Foto: Privat
Mawra Mahmood brukte 46 timar på brurekjolen til Iman Meskini. Foto: Privat

Gründeren visste ikkje særleg mykje om motebransjen før ho berre «kasta seg ut i det», noko det snart vert tydeleg at 29-åringen ofte gjer.

Å ikkje setja seg inn i bransjen var eit bevisst val, for ho frykta at det ville kunne skremma ho frå å starta.

Den andre tingen Mahmood gjorde aktivt var å fortelja til folk ho møtte at ho skulle starte sitt eige merke

– Og då kom eg til eit punkt der det var sånn: «Om du ikkje gjer det no, då driter du deg ut», ler 29-åringen.

Brurekjolen

– Eg har jo alltid gjort det litt på sida heile livet mitt, men aldri sett på det som ein hovudting eg kunne hatt i livet mitt, forklarar klesdesignaren.

Heilt sidan ho var lita har Mawra kunne bestille dei kleda ho ønskte seg frå mora, men no er det andre som bestiller klede av ho.

Ho har laga fleire kolleksjonar, som har blitt vist på hennar eige konsept kalla «digital catwalk» og på ein fysisk catwalk under FNs berekraftsveke i Oslo i mars.

Mawra Mahmood sine kreasjonar vart vist på catwalken under Jarga & art fashion week 2018. Foto: Brian Kndeneh

Om nokre veker skal Iman Meskini ha på seg brurekjolen som står halvferdig på ein «mannequin» i stova, men det er det ingen som veit enno.

22-åringen, som vart verdskjent for si rolle som Sana i Skam har spelt ei ganske spesiell rolle i oppbygginga av klesmerket MAWRA, men det skal me kome tilbake til.

Iman Meskini (22) Mourad Jarrari (27) gifta seg onsdag 12. mai i ein seremoni i Oslo rådhus og moskeen. Kjolen av chiffon og sateng er handsydd av Mawra Mahmood. Foto: Samir Madad

Frå finans til frivilligheit

Mawra Mahmood har nemleg ein litt anna veg inn i motebransjen enn dei fleste.

Etter å ha teke ein mastergrad i økonomi jobba ho tre år som finansanalytikar i gassbransjen. Denne jobben sa ho opp då ho i 2016 vart valt som leiar i Røde Kors Ungdom.

– Det var ikkje eit karrierehopp eller noko slikt. Det var berre fordi eg trong litt andre impulsar og ville gjere noko heilt anna. Då gjekk eg jo frå å vere fulltidstilsett til å vera frivillig, forklarar 29-åringen.

I tida som frivillig tenkte ho mykje over kva ho ville vidare og kom fram til at hennar «pensjonsplan», som ho litt lattermildt kallar det, var å drive med klesdesign.

På spørsmål om kvar ho såg seg sjølv om ti år vart svaret:

– Eg vil sjå mine design på den raude lauparen. Eg vil sjå kvinner som går i mine antrekk. Så sat eg meg ned og tenkte: «Kvifor skal eg vente på ti år?»

Nyttig økonomi

Sjølv om Mawra har tenkt på korleis det hadde vore å studera design, angrar ho ikkje på at ho valde å utdanna seg innan økonomi og administrasjon.

– Eg trur at då eg tok det valet så var det berre det enklaste der og då – og det mest praktiske. Eg var jo ganske god i det òg. Eg likte matte og endte opp med å lika mikroøknomi etter kvart. Eg er ein skikkeleg Excel-fanatikar, ler Mahmood.

No sit ho med sitt eige regnskap og nyt godt av erfaringane frå både utdanning og organisasjonsarbeid.

Draumen er likevel på sikt å få nokon til å ta seg av det organisatoriske og administrative, slik at ho kan fokusera på det kreative.

– Ein må vere ganske sjølvsikker for å tenkja at sitt eige design er noko folk vil lika, ler Mawra Mahmood, som er trygg på at det er eit behov for det ho har å tilby.

Feminisme i islam

– Eg har jo noko litt annleis eg tilbyr i bransjen, slår Mahmood fast.

Allereie før ho starta klesmerket MAWRA hadde den unge designaren hatt fleire klientar, som ho kallar dei.

Den første som sette ho på kartet var ingen ringare enn skodespelar Iman Meskini.

Dei to kvinnene, som mellom anna har det til felles at begge bruker skaut, møttest under ein panelsamtale i Bergen, der feminisme i islam vart diskutert.

– Kven avgjer at fridom er å ta av seg klede, eller at fridom er å ta på seg klede, spurde Iman Meskini den gong.

Splitt eller gjennomsiktig

Trass i at ho ikkje hadde sydd mykje før den tid sa Mawra Mahmood at ho brukte å laga antrekk til seg sjølv og at skodespelaren berre måtte ta kontakt om ho trengte noko.

– For eg veit at det er veldig vanskeleg å finne fine aftanantrekk som er dekkande, som ikkje er gjennomsiktige eller har ein stor splitt. Det er alltid eitt eller anna, ler Mahmood.

Sjølv har ho ein slags tretrinnstest på klede. Er dei gjennomsiktige? Er dei lange nok på bein og ermer og er det nokre skjulte splittar?

Når ho får klientar har ho ein konsultasjon med dei for å snakka om kva dei er komfortable med av fargar og snitt.

– Eg er veldig glad i å ta med klientane mine for å sjå på stoffet. For det er noko heilt anna når dei får ta på stoffet og føla på det, for det gjer at dei også klarar å sjå det for seg, forklarar Mahmood.

Iman Meskini prøver kjolen ho har fått spesiallaga til avslutningsfesten for Skam heime hjå Mawra Mahmood. Foto: Mawra Mahmood

Rosa debut på gul laupar

Rundt eit halvt år seinare tok Meskini kontakt for å få ein spesialdesigna kjole til avslutningsfesten for Skam.

Meskini kom på den den gule lauparen i ein heildekkjande pudderrosa kjole med matchande sjal signert Mawra Mahmood.

– Det var eigentleg det første antrekket eg nokon gong laga. Eg har alltid pleidd å designe, så har mor mi pleidd å sy, medan eg observerte. Eg hadde aldri sydd eit heilt antrekk på eiga hand før det, ler ho.

Mahmood meiner å ha sett av fire dagar og brukt cirka 12 timar samanlagt på det ho kallar ein «ganske enkel kjole». No reknar ho med å ha kunne sydd ein tilsvarande kjole på kanskje åtte timar.

Kjole til Slottet og Spellemann

– Det er så klart stas. Det å sjå sitt antrekk i aviser og på nettsider. Det er jo veldig gøy, smilar Mahmood.

Sidan ho ikkje har noko formell utdanning i design set ho ekstra stor pris på slike stadfestingar av at ho faktisk er god på det ho gjer.

Responsen lot ikkje venta på seg og fleire lurte på kor kjolen var frå.

– Eg trur dei fleste lurte på: «Kor kan eg kjøpa han med ein gong?» Men eg er veldig oppteken av å ikkje masseprodusere, forklarar Mahmood.

Etter dette oppdraget laga ho spesialdesigna kjolar til bryllaup og gallamiddag, samt to nye antrekk til Iman Meskini: Eitt til Spellemannsprisen og eitt til Slottet.

I fjor delte Iman Meskini ut Spellemannsprisen for Årets låt iført ein vinraud jumpsuit med paljettar og slep signert Mawra Mahmood. Foto: Mawra Mahmood

Prisen for kjolen

Ein handsydd kjole frå Mawra kostar alt frå 3000 kroner, for dei aller enklaste, til 20.000 kroner for dei verkeleg kompliserte.

– Når eg har sett kor lang tid det tek å sy eit antrekk, så tenkjer eg at den gensaren på Mango skulle ikkje kosta 500 kroner altså. For det ligg så utruleg mykje arbeid i det, forklarar designaren.

Både arbeidsmengda og inntekta kan variera mykje frå månad til månad, men Mawra trivst så godt med arbeidet at ho plutseleg kan gløyma å ete lunsj.

Drøymer om eit eige imperium

– Draumen er å ha mitt eige designstudio og byggje opp mitt eige designimperium, om eg kan kalle det det, ler Mahmood.

Designaren har laga seg nokre pillarar som ho vil at hennar merkevare skal kvila på.

Målet er å ikkje masseprodusera, få til mest mogleg lokal produksjon, og å følgja «zero waste principle». Samstundes vil Mahmood hauste andre kreative talenter og gje dei ein plattform til å visa seg, visa eit mangfald i modellane, involvera klientane i prosessen og bidra til «female empowerment».

– Eg er veldig oppteken av at kvinner ikkje skal prøve å skvise seg inn i ein standard storleik i klede, men at det skal vere omvendt – fordi me er så forskjellige, slår Mahmood fast.

– Det ligg veldig mykje lærdom i det, når det er så mange eldre folk som seier det at: «Skulle ynskja eg gjorde noko som fekk meg til å le meir og smila meir i løpet av kvardagen og kosa meg med det eg dreiv med».
Oppdatert: måndag 17. juni 2019 10.20

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE