Rekordhøgt medlemstal i AUF

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For oss er det veldig gledeleg at me har fått så mange fleire medlemmar. Likevel er det først og fremst eit tydeleg signal frå unge om at dei ikkje er nøgd med den retninga regjeringa tek Noreg i, seier AUF-leier Ina Rangønes Libak i ei pressemelding.

– AUF vil ha eit samfunn der skilnadene vert mindre, ikkje større. Det arbeidslivet vert tryggare, ikkje meir usikkert. Og der ein tek klimautfordringane på alvor.

LES OGSÅ: Unge Venstre har mista meir enn eitt av fire medlemmar

Abortsaka gav oppgang

Regjeringsforhandlingane har òg påverka engasjementet blant ungdomen AUF har snakka med. Tidlegare i januar sa AUF til Framtida.no at abortsaka bidrog til rekordtilstrøyming av medlemmar i desember.

– 2018 har vore eit år der debattar om skiljelinjene mellom regjeringa og opposisjonen har fått mykje plass. Me har sett at spesielt abortsaka i haust har opprørt og engasjert unge over heile landet. For oss er det uaktuelt å sitja stille når statsministeren i landet går til angrep på retten til kvinner til å avgjera over eigen kropp, held fram AUF-leiaren.

Partiet har over 100 ungdomskandidatar som stiller til val til hausten. Ina Rangønes Libak blei sjølv valt inn i kommunestyret i Averøy kommune som 17-åring og landets yngste folkevalde nokon gong. Les intervjuet Framtida.no hadde med ho medan ho sat i kommunestyret.

LES OGSÅ: AUF-leiaren om glede og skuffelsar i 2018 og håp for 2019

Uvanleg oppgang

Noregs største ungdomsparti har sidan 2017 auka medlemstalet med 1 248 medlemmar.

Generalsekretær Tobias L. Handeland i Raud Ungdom. Foto: Raud Ungdom

For dei fleste ungdomspartia er det vanlegast å oppleva nedgang i år der det ikkje er val, og oppgang i valår.

Dette stadfestar generalsekretær Tobias L. Handeland i Raud Ungdom.

– Du vil nok oppleve at dei fleste ungdomsorganisasjonane vil oppleva nedgang i talet på betalte medlemmer i år som ikkje er forbunde med valkamp, seier han til Framtida.no.

LES OGSÅ: Unge er meir villige til å støtta klimapolitikk

 

 

Betalande medlemmar i ungdomspartia ved årsskiftet (auke sidan året før):

AUF: 14.422 (+1248)

Grøn Ungdom: 634 (+115)

Sosialistisk Ungdom: 1100 (-26)

Raud Ungdom: 596 (-49)

KrF: 1318 (-76)

Unge Venstre: 1054 (-383)