Har Kongen stemmerett?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har Kongen stemme- rett?

Professor i statsvitskap, Trond Nordby ved Universitetet i Oslo, er sikker i si sak.

– Ja, kongen kan stemme. Det einaste han ikkje kan, er å møte i Stortinget for å delta i debatten. Han stemmer ikkje, og det skal nok mykje til for at han skal bryte ut av kutymen og avleggje ei stemme ved eit lokalval eller stortingsval, seier Nordby til Moss Avis.

Han får støtte frå kollega Eivind Smith, spesialist i offentleg rett.

– Det finst ikkje noko unntak i Grunnlova som tek frå kongen retten til å stemme. At han ikkje gjer det, synest eg er heilt greitt, seier Smith.

– Det er standpunktet kongen vår har teke. Dersom valdeltakinga søkk, kunne ein jo tenkt seg at kongen kunne ha valt å avleggje stemme for å høgda interessa for valet. Kva neste konge kjem til å gjere, er heilt opp til han, seier jussprofessoren. (©NPK)