Fleire studieplassar for spesialsjukepleiarar
Regjeringa føreslår ein opptrappingsplan som vil gi 80 nye studieplassar for spesialsjukepleiarar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I tillegg blir det løyvd 5 millionar kroner til eit prosjekt for IKT-tryggleik.
Dei nye studieplassane går til anestesisjukepleie, barnesjukepleie, intensivsjukepleie, operasjonssjukepleie og kreftsjukepleie – samla kalla ABIOK-utdanningar som varer 1,5 år.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) vil rekruttere fleire spesialsjukepleiarar. Foto: Marte Garmann
– Vi treng fleire spesialsjukepleiarar og derfor prioriterer vi studieplassar til desse utdanningane. Samtidig held det ikkje berre å bygge ut talet på studieplassar sidan god praksis er ein heilt avgjerande del av utdanningane. Derfor satsar vi på ein pilot for å få fleire kommunale praksisplassar og betre utdanning i digital kompetanse, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.
Studieplassane vil mellom anna bli prioritert til universitet og høgskular som kan ta i bruk dei nye plassane frå hausten. Fordelinga av kva for institusjonar som får studieplassane blir avklart seinare.
I første omgang vil det bli tildelt 30 studieplassar, men fullt utbygd etter fire år vil det medføre at det blir utdanna om lag 80 fleire ABIOK-kandidatar i året.

Helsesjukepleiarstudentane Ørjan Bergfalk og Carlos Landberg har berre positive erfaringar med å vere menn i helsevesenet. – Pasientar antar gjerne at du er veldig flink, utan at du har fortent det – altså heilt i starten.