Desse ungdomsskuleelevane vil revolusjonera skipsfarten

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Har fått tilbake håpet om at verda kan reddast

– Ho må leggja til rette for at fleire kan investera i grøne næringar og løysingar.

Det er oppmodinga Enya Boyle (15) har til statsminister Erna Solberg.

Ho er ein av elevane ved Nysæter ungdomsskule på Stord som fekk presentera sine klimaløysingar for statsministeren og industrileiarar på Stordkonferansen onsdag.

Elevane fortalde om torpedoliknande batteri som går i trafikk mellom flytande havvindmøller, plattformar og elektriske skip med behov for straum. andre elevar fortalde om undervassbåtar festa til kaplar under havoverflata som kan frakta varer og folk mellom Noreg og Storbritannia. Undervassbåtane blir lada opp induktivt frå bølgjekraft og havvind.

– Jøss! utbraut ein av industrifolka spontant etter elevpresentasjonane.

Hedda Finseth Neset (14), Kristian Bezanty (14), Are Almås (14) og Enya Boyle (15) (med mikrofon) presenterte batteribankar som går i skytteltrafikk mellom flytande havvindmøller og skip. Foto: Svein Olav B. Langåker

Klar beskjed til Erna

Statsminister Erna Solberg måtte hasta vidare før ungdommane var ferdige med presentasjonane sine, men ungdommane har mykje på hjarta om framtida – og klare beskjedar til statsministeren:

– Me lever i eit land der ungdom har blitt meir interesserte og engasjerte i klima og miljø. Me vil utgjera ein forskjell, og vil vera med på å utvikla løysingane for framtida, seier Are Almås (14).

LES FLEIRE SAKER OM LOKALE KLIMALØYSINGAR!

Hege Økland leier ei klynge med over 100 bedrifter som jobbar for å skapa meir miljøvenlege løysingar på havet. Foto: Peter Tubaas, Stordkonferansen

Skal kutta halvparten av utsleppa

– Det største samtaleemnet på Nor-shipping-konferansen i år, var korleis me kan gjera skipsfarten grønare, fortel Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech.

Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO har sagt at alle utslepp frå sjøfarten skal kuttast med 50 prosent innan 2050. I Noreg har regjeringa bestemt at utsleppa frå sjøfarten skal halverast innan 2030. Då skal det òg vera heilt utsleppsfrie fjordar i Noreg. I dag står skipsfarten i Noreg for kring ni prosent av dei samla utsleppa våre.

– Det vil koma meir og meir press frå folk om å få grønare løysingar, understrekar Økland.

Frå venstre: Sindre Matre, Erika-Kristin, Lars Skjetne Lilleheie, Emilie Fossøy Isdal og Haakon Hellesøy. Foto: Svein Olav B. Langåker

Har fått tilbake håpet

For nokre dagar sidan kom det ein rapport som seier at samfunnet kan kollapsa innan 30 år på grunn av klimaendringane. Ungdommane har fått med seg dei dystre utsiktene.

– Viss me ikkje gjer noko med klimaendringane, så kan alt håp vera ute før me fyller 50 år, seier Haakon Hellesøy. Han seier det er bra å sjå alt frå popstjerner til industri tenkje på klimaet.

Erika-Kristin seier ho har tenkt at det ikkje er nokon som bryr seg, sidan ho ikkje har sett så stor forandring.

– Det betyr mykje for meg at det er fleire som vil hjelpa til med å gjera noko for miljøet og klimaet. Eg har fått tilbake håpet om at noko kan gjerast for verda vår, seier ho til Framtida.no.

Frå venstre: Erika-Kristin, Sindre Matre, Haakon Hellesøy og Lars Skjetne Lilleheie og Emilie Fossøy Isdal framme. Foto: Peter Tubaas, Stordkonferansen

Vil jobba med framtida

Ungdommane har fått møta lokale bedrifter gjennom UngTekno-satsinga til Atheno i Sunnhordland og Hardanger. Gjennom to dagar har dei fått bli kjent med bedriftene, utveksla idear og fått i oppgåve å finna ut korleis bedriftene kan utvikla grøne og nyskapande løysingar.

Prosjektleiar Nina Østenstad fortel om stor interesse frå både skular og bedrifter andre stader som er interesserte i korleis dei jobbar. UngTekno har som mål å visa ungdom kva kompetanse som trengst og knyta kontakt mellom teknologi, yrkesfag og entreprenørskap.

– Eg vil gjerne jobba i industrien med båt, seier Sindre Matre som har ein far som jobbar i Wärtsilä, som nettopp jobbar med å utvikla grøne skip.

– Eg lurer på kor mykje som vil endra seg innan eg er ferdig å studera, seier Haakon Hellesøy.

LES OGSÅ: Jobben deira vil bli å ta jobben frå andre

Statsminister Erna Solberg sa at me må bli flinkare til å utnytta dei ressursane me har. Foto: Peter Tubaas, Stordkonferansen

Statsministeren: – Ingen har alle løysingane i dag

På konferansen understreka Erna Solberg at me må ta inn over oss at om ikkje lenge vil me sjå at gassproduksjonen når toppen.

– Framtidas næringsliv skal vera grønt og nyskapande, og det vil krevja omstilling, sa ho.

– Eg trur ikkje nokon av oss har alle løysingane på korleis lågsutsleppssamfunnet vil sjå ut i framtida. Men det er mange kommunar som ser at deira næringsliv ikkje er godt nok førebudd, og det er noko av bekymringa deira for arbeidsplassar, seier ho til Framtida.no.

Statsministeren peikar på at regjeringa har auka midlane til grøn omstilling med over 300 millionar kroner til Innovasjon Noreg, og gjeve 100 millionar meir til klimafondet Nysnø gjennom revidert nasjonalbudsjett. Om ikkje lenge vil regjeringa leggja fram ei ny melding om grøn skipsfart.

LES OGSÅ: Cruisenæringa betaler ikkje skatt, legg knapt att pengar i Noreg og er verdsleiande i ureining