Politikk og samfunn

«Eg ser framleis barn og unge i dag bli mobba, medan vaksne ser ein annan veg»

Johan Blåsternes i Elevorganisasjonen i Vestland etterlyser sterkare tiltak mot mobbing i skulen.

Johan Blåsternes (17)
Fylkesstyremedlem i Elevorganisasjonen i Vestland
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg kom til skulen som ein glad og spent førsteklassing. Men på grunn av diagnosane mine, ADHD og Asperger, vart eg raskt eit mål.

Eg klarte ikkje å sitja stille. Eg lo annleis. Rørte meg annleis.

Ifølgje Elevundersøkinga 2024 opplever nesten 13 prosent av norske elevar mobbing. Eg var éin av dei.

Ti år med klump i magen

Frå 1.–10. klasse vart eg mobba – på skulen, nettet, og i fritida. I 10 år vart eg mobba. Ingen greip inn. Aldri.

Kvar dag vakna eg med ein klump i magen. Eg vart etterlikna, ledd av, dytta, spraka og slått. Eg fekk steinar kasta etter meg. Eg vart stempla som rar. Annleis. Uønskt.

quote-left

Eg gret før eg gjekk ut døra.

quote-right

Verst var det i 5. klasse. Eg gret før eg gjekk ut døra. På skulen vart eg behandla som om eg ikkje var verd noko. Det knuste meg, dag for dag.

I dag har eg det betre, men arra sit igjen. Og eg nektar å vera stille medan andre barn opplever det same.

Eg ser framleis barn og unge i dag bli mobba, medan vaksne ser ein annan veg. Det gjer vondt, fordi det viser at det ikkje har vorte gjort noka endring, me har ikkje komme lenger.

Kvifor gjer me ikkje meir?

Mobbing tek liv

Mobbing fører til angst, depresjon og sjølvmordstankar. Eg veit det – eg hadde dei sjølv.

quote-left

Eg orka ikkje meir. Alt eg ville var at det skulle ta slutt.

quote-right

Då eg skulle byrja i 8. klasse, etter sju år med mobbing, var eg utsliten. Eg orka ikkje meir. Alt eg ville var at det skulle ta slutt.

Kan hende tek kring 5–6 unge tek livet sitt kvart år på grunn av mobbing. Det er uakseptabelt. Tala burde vore null, men har stabilisert seg på eit for høgt nivå.

Politikarane har svikta oss

I dag seier politikarane at dei har «nulltoleranse for mobbing». Men det hjelper fint lite med fine ord når systemet framleis sviktar barn – kvar einaste dag.

Dagens regjering har innført dårlege tiltak for å få bukt med mobbing. Desse tiltaka bør vera mykje djupare og langt meir grundige. Det er venta at alle parti i regjering styrkjer tiltaka sine, men spesielt leiande parti som AP og Høgre.

Dette er tiltaka partia har gjort ifølgje NRK sin partiguide:

Høgre:
«Har støtta den nye mobbelova som gir skular strengare plikt til å avdekkja, varsla og følgja opp mobbing. Innførte mobbeombod i alle fylke .»

Arbeidarpartiet:
«Nulltoleranse mot mobbing – vil mellom anna etablera beredskapsteam mot mobbing i alle kommunar, styrkja kompetanse hos skuletilsette og etablera eit klage- og sanksjonssystem mot skular som ikkje tek tak. »

Altfor lite. Altfor svakt. Dette stansar ikkje mobbinga.

Må inn i skulepolitikken – no!

Ved stortingsvalet forventar eg og Elevorganisasjonen i Vestland at alle parti, spesielt leiande parti som Ap og Høgre, innfører ny skulepolitikk innanfor mobbing.

Her er tre forslag Elevorganisasjonen i Vestland meiner må på plass:

  • Innføra ei ny arbeidsgruppe på alle skulane i landet, som jobbar spesifikt for velferd, og jobbar mot mobbing i skulen.
  • Opprette ei anonym varsellinje for barn og unge for å rapportera om all mobbing, hets eller anna trakassering anten dei eller andre ser eller opplever.
  • At mobbing blir sett mykje høgare opp på den politiske prioriteringslista, og at dei puttar mykje meir fokus på tiltak som styrkjer nedkjempinga av mobbing.

Skulen skal vera ein stad ein får venner, lærer nye ting og lagar gode minne. Men med mobbing blir skulen til ein stad der ein får blåmerke, vonde tankar, dårlege erfaringar og vonde minne.

Nulltoleranse

Skulen skal ikkje vera ein stad ein blir mobba.
Skulen skal ikkje vera ein stad ein blir forskjellsbehandla.
Mobbing høyrer ikkje heime nokon stad.

Om me verkeleg meiner alvor med nulltoleranse, må me slutta å tolerera svikten. Me skuldar kvart einaste barn å gjera meir, før det er for seint.

Me treng handling. No.