Vil gjera flyruter frå Danmark til Noreg klimanøytrale utan flyavgift

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dansk flyindustri har lova å gjera alle innanriksfly klimanøytrale i løpet 2020. DAT (Danish Air Transport) var først med dette allereie i fjor sommar.

Når Framtida.no spør DAT-sjef Jesper Rungholmom om det er aktuelt å gjera rutene i Noreg klimanøytrale, seier Rungholm først at me allereie betaler seteavgift som ei klimaavgift i Noreg. Så seier DAT-sjefen at flyselskapet no vil gjera alle fly frå Danmark til Noreg klimanøytrale.

– Det gjer me. Det beslutter eg her og no. Me dekkjer alle kostnadene med dette, seier DAT-sjefen til Framtida.no.

Dette gjeld rutene frå Billund til Stord og Stavanger, og frå Esbjerg til Stavanger.

Det danske flyselskapet flyr primært mellom alle dei store danske byane og Bornholm, men har ei norsk innanlandsrute mellom Oslo, Gardermoen og Stord Lufthamn, Sørstokken.

LES OGSÅ: Svenskar er flaue over å fly – nordmenn flyg meir enn før

– Har blitt religion

Jesper Rungholm meiner det er eit utruleg fokus på flytransport og klima, sjølv om flyindustrien står for kring to prosent av klimautsleppa i verda.

– Slik er det når klima har blitt religion. Når det er sagt, så gjer me det me kan for å bli CO2-nøytrale. Me vil jo gjerne gjera noko godt, legg han til.

Jesper Rungholm er CEO og grunnleggar av flyselskapet DAT. Foto: DAT

Flyselskapet DAT har investert i det norske karbonprosjektet Thor Heyerdahl Climate Parks gjennom Bio8 AS som skal gjera innanlandsrutene deira karbonnøytrale. Planting av mangrovetre i Myanmar skal kompensera for utsleppa frå DAT-flya med 110 prosent, ifølgje Bio8 AS. Bak Thor Heyerdahl Climate Parks står den tidlegare Venstre-leiaren, kringkastingsmannen og Myanmar-vennen Arne Fjørtoft.

LES OGSÅ: No kan du kjøpa deg godt samvit til 49 kroner i månaden

Tema i valkampen

Onsdag 5. juni er det val i Danmark. Klima har vore ei av dei viktigaste sakene i valet, og utsleppa frå fly har vore eit brennbart tema.

Danmark er eit av landa som har redusert klimautsleppa sine mest dei siste tiåra.

Landet har satsa på energiøkonomisering, og rein vindkraft har erstatta kraftig forureinande kolkraft. Medan utsleppa av klimagassar har gått opp med 3,4 prosent i Noreg sidan 1990, har Danmark redusert utsleppa med 31 prosent.

Mette Frederiksen ligg godt an til å bli statsminister i Danmark. Foto: Sandra Skillingsås, Arbeiderpartiet

Flyselskapa er blant dei få som har auka utsleppa sine i Danmark. Sidan 2004 er utsleppa frå fly meir enn dobla i Danmark.

Leiar for Socialdemokratiet Mette Frederiksen ligg godt an til å bli neste statsminister i Danmark. Rett før valet sa ho til Politiken at ho vil jobba for ei europeisk flyavgift som gjer at flyselskapa får ein god grunn til å skifta til meir energieffektive fly og meir berekraftig drivstoff.

Partiet hennar vil førebels ikkje innføra ei slik avgift i Danmark. Men for å bli statsminister kan Mette Frederiksen og Socialdemokratiet bli avhengig av Alternativet, Radikale Venstre og Enhedslisten som alle ønskjer å innføra flyavgift i Danmark.

LES OGSÅ: Tusenvis av svenskar lovar å slutta å fly

Åtvarar mot klimaavgift

DAT-sjef Jesper Rungholm vil gjerne unngå flyavgift, slik nabolanda Noreg, Sverige og Tyskland har fått.

– Eg har ikkje sett at flyavgifter blir brukt utelukkande til klimatiltak. Ei klimaavgift blir ofte berre ein ny måte å ta pengar inn i statskassen. Og alle veit at statskassen er som eit stort, svart hol.

Dersom det kjem ei flyavgift i Danmark, håpar Jesper Rungholm på gjennomslag for forslaget til Radikale Venstre om å bruka alle midlane frå flyavgifta til klimaforbetrande tiltak, som å forska på meir berekraftig drivstoff.

DAT-sjefen meiner Danmark burde bli verdsleiande på biobrensel. I dag er biodrivstoff vanskeleg tilgjengeleg og seks-sju gonger dyrare enn vanleg drivstoff.

– Men me betaler gjerne dobbel pris for berekraftig biodrivstoff viss det kjem. Det vil folk ha, seier Rungholm.

Han meiner likevel at fly kan konkurrera med bil om å vera grønast allereie i dag. I Danmark bruker DAT under 10 liter drivstoff per passasjer, og Rungholm meiner dette gjer fly meir miljøvenlege enn bil på bensin eller diesel.

– Ikkje rettferdig

Det er dei lange flyrutene som er dei største kjeldene til utslepp, og Jesper Rungholm synest det er urettferdig at til dømes tyrkiske flyselskap slepp billegare unna enn europeiske selskap.

– Det gjer det vanskelegare for oss å konkurrera på like vilkår, seier han.

Dyrare CO2-kvoter gjorde at DAT auka kostnadene til kvotekjøp frå 2,5 millionar i 2017 til 14 millionar i 2018. Og prisen på CO2-kvoter er venta å auka då EU har lova å redusera talet på kvoter med 20 prosent innan neste år, og 40 prosent innan 2030.

Trur me må venta lenge på elfly

I fjor sommar byrja Avinor å testa ut elfly i Noreg. I april melde SAS at selskapet går i lag om eit prosjekt for å få fossilfrie drivstoff for fly innan 2045.

– Teknologisk ligg flyindustrien langt bak, og me har ein lang veg å gå, seier DAT-sjefen, som meiner batteri må bli minst 10 gonger meir effektive enn dei er i dag.

Førebels er det gjennom å kompensera for flyreisene at DAT klarar å gjera flyreisene sine karbonnøytrale over tid.

Ifølgje forskarar Videnskab.dk har snakka med, slepp fly ut CO2 fortare enn tre klarar å fanga opp. Men Thomas Nord-Larsen, seniorforsker ved Institut for Geovidenskab og Naturforvaltning, seier såkalla klimaavlat er betre enn ingenting, då det gjer oss medvitne på at å sleppa ut klimagassar har ein konsekvens.

– Mange studier peikar på, at me når eit vippepunkt, der me ikkje lenger kan snu utviklinga. Derfor er me nøydde til at få sett ein propp i holet for utslepp av CO2, sa Larsen til Videnskab.dk i fjor.

Det høyrer med til historia at DAT er det einaste flyselskapet på ruta mellom Stord og Oslo der Framtida.no har kontora sine.