Første tur med elektrisk fly
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) var passasjer då den første flyginga i Noreg med elektrisk fly skjedde på Gardermoen. Avinor ønskjer at Noreg tek ei leiande rolle i utviklinga av elfly.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Flyet er bygd med to sete og er produsert av ein av dei største flyfabrikkane i Europa, Pipistrel i Sloveni. Konsernsjef i Avinor Dag Falk-Petersen flaug flyet, mens Solvik-Olsen sat i passasjersetet.
– Regjeringa har gjeve Avinor i oppdrag å utvikla eit program som skal leggja til rette for introduksjon av elektriske fly i kommersiell luftfart. Det var ei stor oppleving å få bli med på denne flyginga og sjå at vi er i gang med utviklinga av luftfarten for framtida, seier Solvik-Olsen.
- Les også: Elektriske vegar kan gi stor klimaeffekt
Mål om elektrisk luftfart innan 2040
Avinor ønskjer at Noreg tek ei leiande rolle i utviklinga av elfly, og har som mål at Noreg skal bli den første marknaden der elektriske fly tek ein stor marknadsdel. Målet er elektrifisering av innanriksluftfarten innan 2040.
– Det norske kortbanenettet er ideelt for å testa ut dei første kommersielle elektriske flya, som er venta å ha avgrensa rekkjevidd og kapasitet, seier konsernsjef Falk-Petersen i ei pressemelding.
– Den elektriske flyginga i dag viser at det ikkje lenger er nokon grenser for kva som kan elektrifiserast. Neste steg blir rutetrafikk med små elektriske passasjerfly, seier dagleg leiar i Miljøstiftinga ZERO, Marius Holm.
- Les også: – Vi er i privatbilens siste dagar
Han var til stades under prøveflyginga og trur at det innan ti år vil vera kommersielle flygingar i Noreg med elektriske fly.
Flyselskapet Widerøe deler synspunktet hans. Selskapet ser ikkje ser nokon store teknologiske barrierar for ei realisering av slike flygingar i dei neste ti åra.
Siktar mot nullutslepp
– Vi leiter etter eit konsept som gjev nullutslepp og lågare driftskostnader. Viss vi finn det vi leitar etter, kan vi vidareutvikla dette verdifulle kollektivtrafikksystemet vi har bygd opp i Noreg over fleire tiår. Teknologien gjev også høve til å utvikla eit langt betre tilbod i store deler av Distrikts-Noreg, seier Stein Nilsen, administrerande direktør i Widerøe AS
Ifølgje Nilsen er det mest sannsynlege elfly-alternativet eit fly med 19 sete, men han er open for fly som tek opp mot 50 passasjerar. Flyet skal ha ei rekkjevidd på mellom 250 og 300 kilometer for å fungera effektivt med driftsmodellen til Widerøe.