Difor er Brexit så vanskeleg

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå NUPI Skole og sett om til nynorsk av Framtida.no. 

I ei folkerøysting i juni 2016 stemte britane for at Storbritannia skulle melde seg ut av EU. Ni månadar seinare, 29. mars 2017, gav statsminister Theresa May beskjed til EU om at ho ville starte prosessen mot utmelding.

Ifølgje regelverket til EU kunne då forhandlingane med EU starte og sjølve utmeldinga skje seinast to år seinare – det vil seie 29. mars 2019 – og etter at det britiske parlamentet godkjenner utmeldingsavtala. Denne fristen har ikkje britane klart å halde, ei heller to kortare utsetjingar. EU har gjeve Storbritannia ei siste utsetjing på seks månadar – til 31. oktober i år, datoen for halloween.

gold antique frame isolated on white background

Kvifor rakk ikkje britane fristen? Årsaka er at ingen av utmeldingsavtalene som Theresa May har framforhandla på vegner av Storbritannia til no har fått fleirtal i det britiske parlamentet. Det førte til at ho 24. mai melde sin avgang som statsminister. Kven som tek over er enno uvisst.

Utsetjinga gjorde også at Storbritannia måtte delta i europaparlamentsvalet 23.-27. mai. Der vart Brexit-partiet Storbritannia sitt største. Likevel, etter tre år med politisk splitting, kor to statsministerar har trukke seg, er løysinga på britane si utmelding frå EU framleis heilt uviss. Brexit har vorte ein strevsam exit.

Lurer du på korleis det gjekk i europaparlamentsvalet? Her får du oppsummert dei viktigaste hendingane.

2: Skuldar på EU

I dei fleste EU-land er delar av befolkninga kritiske eller skeptiske til EU. Mange meiner at for mange avgjersler vert tekne av EU, og at dei enkelte medlemslanda dermed har mista innverknad over viktige politikkområde. «Take back control» var slagordet til «Leave»-kampanjen, som kjempa gjennom EU-exit blant britane.

Leiarane av dei mest EU-kritiske partia i mange land legg ofte skulda på EU for utfordringar dei møter på nasjonalt nivå – også på område der EU ikkje har innverknad. I ei tid med mange nasjonale og internasjonale utfordringar, har desse argumenta fått meir oppslutning blant veljarane.

Brexit har vorte ein strevsam exit

Sidan EU er meir enn ein internasjonal organisasjon, men mindre enn ein stat, er denne institusjonen ikkje alltid like lett å forstå. Dette har også Brexit vist.

Løftet til det britiske folk om å ha ei folkerøysting om EU-medlemskapet, vart gjeve av dåverande statminister David Cameron allereie i 2013. Han håpa at ei folkerøysting skulle gjeve auka legitimitet til britisk medlemskap i EU. Cameron trudde at når britane vart stilt eit så grunnleggjande spørsmål, så ville dei til sjuande og sist støtte fortsatt medlemskap. Slik gjekk det som kjent ikkje.

Tre år seinare, 23. juni 2016, stemte nesten 52 prosent av britane for at Storbritannia skulle melde seg ut av EU. Likevel er britane framleis medlem. Kvifor er det så vanskeleg å gjennomføre utmeldinga? For å svare på dette må vi først seie litt om kva slags institusjon EU er.

David Cameron gjekk av som statsminister i Storbritannia då folket stemte for å melde seg ut av EU: Foto: Medill DC/Flickr/CC BY 2.0)

Les også: Theresa May går av som statsminister i Storbritannia

3: Frå kol og stål til europeisk union

Den europeiske union (EU), slik vi kjenner den i dag, vart oppretta i 1992. Men sjølve prosessen mot å etablere ein politisk union starta lenge før, som eit resultat av at Europa hadde vore igjennom to smertefulle verdskrigar. Bakgrunnen var at ein ønskte å styrke samarbeidet mellom dei europeiske landa, og særleg mellom Frankrike og Tyskland, for å binde desse statane så tett saman at ein ny krig ville vore utenkjeleg.

Med dette som hovudmål bestemte seks europeiske land (Belgia, Nederland, Luxembourg, Frankrike, Italia og Vest-Tyskland) seg for å etablere Kol- og stålunionen i 1952. Ved felles regulering av kol- og stålproduksjonen i medlemslanda ønskte ein å få kontroll over europeisk rustningsindustri, gjere landa gjensidig økonomisk avhengige av kvarandre og dermed gjere krig mellom dei ulønnsamt.

I 1957 vart Romatraktatane signerte og førte til at både økonomi og atomenergi vart teke inn i samarbeidet. Sidan den gong har medlemsstatane vorte einige om å inkludere fleire land, innlemme fleire oppgåver og overføre meir ressursar til EU på enkelte område.

I 2017 markerte EU sine regjeringssjefar at det var 60 år sidan Romatraktaten. Foto: Italian G7 Presidency 2017/Wikimedia Commons/CC BY 3.0

Medan Kol- og stålunionen bestod av seks land, er no 28 land (inkludert Storbritannia) med i EU. Utvidingane har skjedd i ulike fasar, men den største – og kanskje viktigaste – utvidinga fann stad etter den kalde krigen slutta. Som eit ledd i å gjenforeine Europa vart ti nye land i Aust-Europa medlem i 2004.

Samarbeidet har utvikla seg i etappar og gjennom til tider vanskelege forhandlingar. Prosessen kan på mange måtar oppsummerast ved at samarbeidet har utvikla seg i breidda og i djupna:

  • I breidda ved at stadig fleire politikkområde har vorte innlemma i samarbeidet.
  • I djupna ved at medlemsstatane har overført myndigheit til EU på nokre område.
  • Etter kvart som fleire politikkområde har vorte innlemma i samarbeidet, har ein også opna for at enkeltland kan velje å avstå frå å delta på visse delar. Det er derfor Storbritannia ikkje er med i Schengen, Danmark har eit unntak på forsvarsområdet og fleire EU-land ikkje brukar euro. I tillegg har ein opna for at ikkje-medlemmer kan vere med i delar av samarbeidet gjennom spesielle avtaler. Noreg er derfor fullt med i den indre marknaden gjennom EØS-avtala og som ein integrert del av Schengen.

Les også artikkelen om forklarar presidentkaoset i Venezuela: Er opposisjonspolitikar Juan Guaidó president, eller er det framleis Nicolás Maduro?

4: Kvifor strevar Storbritannia med å melde seg ut?

Medan mange land har ønskt EU-medlemskap eller avtaler om tettar tilknyting til unionen (Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits), har ein til no inga erfaring med at medlemsland ønskjer å melde seg ut av EU. Storbritannia er første land som har teke den avgjersla. Men sjølv om det ikkje finst praksis, så finst prosedyrer, og dei er nøye skildra i EU-traktaten sin artikkel 50.

Det er derfor i utgangspunktet ikkje så vanskeleg å melde seg ut. Det tek berre litt tid, ettersom EU i dag dekkjer så mange område. Når eit land har vore medlem lenge og halde seg til EU sitt regelverk på ei rekkje område, så må ein finne løysingar på ein del viktige saker før utmelding kan finne stad. Dette gjeld blant anna borgarrettar (både for EU-borgarar busette i Storbritannia og britiske borgarar i EU-land), finansielle spørsmål rundt britane sitt bidra til EU sitt budsjett og ei rekkje andre overgangsordningar knytt til den indre marknaden.

Det er nettopp det som er kjerna i Brexit

Særleg utfordrande er det når ein ønskjer å melde seg ut, men likevel ønskjer å behalde nokre av fordelane ved medlemskap. Det er nettopp det som er kjerna i Brexit. Medan befolkninga har sagt at dei ønskjer å melde seg ut, så veit regjeringa (og eit fleirtal i parlamentet) at ei utmelding utan overgangsordning (ofte kalla «Hard Brexit») kan få uheldige økonomiske og politiske konsekvensar.

Storbritannia ønskjer derfor å forhandle med EU for å få så gode overgangsordningar som mogeleg. Men på dette området har det vore vanskeleg å få til ei semje. To spørsmål har vore spesielt vanskelege:

  • Korleis ein skal handtere grensa mellom Nord-Irland (som er ein del av Storbritannia) og Irland (som framleis vil vere med i EU).
  • Korleis få til ei avtale der Storbritannia framleis kan ha ei tilknyting til den indre marknaden (som består av «dei fire fridomar»: fri flyt av kapital, varer, tenester og personar).

Denne videoen forklarar kva rolle den indre marknaden spelar i Brexit:

For EU er det viktig å sørgje for at Brexit ikkje fører til ei utvatning av EU-samarbeidet generelt og den indre marknaden spesielt. Dei ønskjer ikkje at Storbritannia kan plukke og velje: Anten så er ein fullt med i den indre marknaden (som Noreg er gjennom EØS-avtala) eller så er ein det ikkje.

Dersom ein medlem ønskjer å melde seg ut, men ønskjer overgangsordningar for å lette prosessen, er dette mogeleg, men berre dersom landet held fram med å følgje felles reglar. Ein kan ikkje seie frå seg pliktane og behalde rettane.

Så langt har EU stått samla i forhandlingane med Storbritannia, sjølv om nokre land har vore meir positive til å innfri britane sitt ønske om utsetjing enn andre. Der nokre ønskjer ei mjukare linje for å gje Storbritannia ei mogelegheit til å løyse si innanrikspolitiske krise, har andre frykta at ei utsetjing ikkje vil løyse noko, då EU uansett ikkje har meir å gje i forhandlingane.

Ein kan ikkje seie frå seg pliktane og behalde rettane

For Storbritannia har det vore vanskeleg å få Brexit-tilhengarane til å akseptere dette. Theresa May har forsøkt å få ei framforhandla avtale med EU gjennom det britiske parlamentet utan hell.

Motstandarane av dei ulike avtaleutkasta er også delte: Medan fleirtalet ønskjer betre overgangsordningar og fleire unntak (noko EU har sagt dei ikkje kan gje), så føretrekker eit mindretal at Storbritannia melder seg ut utan noko avtale. Politikarane i parlamentet er særleg skeptiske til den delen av den indre marknaden som omfattar fri rørsle, då dei meiner dette har ført til for stor konkurranse på arbeidsmarknaden ved at billig arbeidskraft frå andre delar av Europa utkonkurrerte britiske arbeidstakarar.

Storbritannia ønskjer som nemnt også å unngå at det vert oppretta ei yttergrense med fysiske kontrollpostar mellom Nord-Irland og resten av Irland, som framleis vil vere ein del av EU. Dette er viktig av økonomiske årsakar, då mykje handel føregår over denne grensa, men også politisk og sikkerheitspolitisk, sidan det kan utfordre fredsavtala som vart framforhandla mellom Nord-Irland, Irland og Storbritannia i 1998. EU har gått med på å la Nord-Irland vere ein del av den indre marknaden og tollunionen til ei ny utmeldingsavtale er på plass, medan Brexit-tilhengarane frykter at det vil bety at Storbritannia vert verande tett knytte til EU.

Er du framleis usikker på kva grensetvisten går ut på? Sjå denne videoen:

Les også om USA si demokratiske kongresskvinne Alexandria Ocasio-Cortez: Ho vil gjere USA fornybart innan ti år. 

5: Kva betyr Brexit for samarbeidet i Europa?

Brexit er utfordrande for EU:

  • Europeisk samarbeid vert påverka negativt ettersom EU mister eit stort og sentralt medlemsland.
  • Det vil få økonomiske konsekvensar når Storbritannia ikkje lenger bidreg til EU sitt budsjett eller vil vere ein del av den indre marknaden.
  • EU vil verte svekkja som forsvars- og sikkerheitspolitisk aktør sidan Storbritannia, saman med Frankrike, er den største militærmakta i EU. Likevel er det grunn til å tru at konsekvensane vert størst for Storbritannia – i alle fall i første omgang. Førebels veit vi lite om kva forhold Storbritannia vil få til EU etter utmeldinga. Det er grunn til å tru at samarbeidet vil vere tett på område der det er felles interesser, slik som sikkerheitspolitikk. Men til no har ein ikkje byrja å forhandle om framtidige samarbeidsordningar. Før dei kan gå i gang med det, må ein verte samde om «skilsmisseavtala».

Vi veit enno ikkje om EU vil kome svekka eller styrka ut av Brexit-prosessen.

Det er sjølvsagt eit stort tilbakeslag at eit sentralt medlemsland vel å melde seg ut. Men samstundes har det også ført til eit auka medvit i mange land rundt kva medlemskap faktisk betyr. Og kanskje også at det er nokre fordelar ved medlemskap som er viktige å bevare. At valdeltakinga i årets europaparlamentsval var høgare enn forventa, kan tyde på dette. Eit anna døme er at dei euroskeptiske partia i mindre grad enn før har utmedling som eit mål, men ønskjer i staden å freiste å reformere EU frå innsida.

Bilete av gatekunst i London. Foto: Ungry Young Man/Flickr/CC BY 2.0

Det er også interessant å merkje seg at dei resterande 27 medlemmene har stått overraskande samla i desse forhandlingane. Dei har vore samde om å unngå at Brexit medfører ei undergraving av det europeiske samarbeidet generelt, og den indre marknaden spesielt.

På den andre sida har ein også sett at Brexit har ført til at dei underliggjande årsakane til den veksande EU-skepsisen i mange land er vorte sett på agendaen. Dette er også bakgrunnen for at Frankrike sin president Emmanuel Macron har teke til orde for å «etablere eit Europa som beskyttar» (une Europe qui protège). Med dette vil han at EU skal leggje meir vekt på samarbeid som bidreg til auka velferd, mindre ulikskap og vern mot trugslar av ulik karakter. Saman med Tyskland ønskjer Frankrike å oppnå dette gjennom å skape eit meir fleksibelt EU, utan at det vatnar ut verdien av den indre marknaden.

Akkurat kva form dette vil ta, og om dei vil lukkast, er framleis uklart.

Les også: – Sjølv om barn ikkje har stemmerett i Noreg, så bør vi ha ei stemme

6: Mogelege konsekvensar for Noreg

Kva tyding Brexit vil ha for Noreg og andre tredjeland, er for tidleg å seie. Medan nokre hevdar at eit meir fleksibelt EU vil føre til eit tydelegare skilje mellom medlemmer og ikkje-medlemmer, meiner andre at det vil kunne opne for meir fleksibilitet og dermed tettare samarbeid mellom EU og ulike grupper av tredjeland.

Svaret på dette vil vi først få etter at Brexit-forhandlingane om utmelding er sluttført. Først då vil EU kunne diskutere mogelege tilknytingsformer og avtaler med Storbritannia – som i teorien også vil kunne påverke Noreg sitt forhold til EU.

Det er ikkje berre Brexit som har ført til endringar på kontinentet dei siste åra: Det har gått fem år sidan Russland annekterte Krim. Slik er stoda no.

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk