Theresa May går av som statsminister i Storbritannia

I dag annonserte Theresa May at ho trekker seg som britisk statsminister 7. juni.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er no klart for meg at det er til landets beste at ein ny statsminister leiar innsatsen vidare.

Det seier Theresa May i ein pressekonferanse utanfor statsministerbustaden i Downing Street fredag.

7. juni trekker ho seg som statsminister i Storbritannia og som partileiar for Det konservative partiet. Ho er den andre kvinnelege britiske statsministeren nokosinne, og har styrt skuta i tre år.

Sjå pressekonferansen her: 

Les også: Storbritannia erklærer nasjonal klimaendring-krise

Sender Brexit-stafettpinnen vidare

I talen sin seier May at ho etter beste evne har freista å få Brexit-avtalen i hamn.

– Eg har gjort alt eg kan for å overtyde parlamentsmedlemmane om å støtte den avtala. Dessverre, så har eg ikkje klart det. Eg har prøvd tre gongar.

Samstundes understreker statsministeren at ho trur det var rett å halde fram med avtalen, sjølv om utsiktene for å lukkast ikkje var lovande. No vert det opp til May sin etterfølgjar å oppnå semje mellom partane, og levere Brexit.

Kven etterfølgjaren vert er framleis usikkert, men prosessen med å velje ny statsminister skal starte veka etter May offsielt trekk seg 7. juni. May vert sitjande til etterfølgjaren er vald.

Les også: Brexit-nederlag for Theresa May