Store forskjellar i kor flinke skulane er å løfte elevane

Det er store sprik mellom skulane når det gjeld bidraget deira til læring. I Finnmark ligg nesten halvparten av skulane under landssnittet på dei yngste trinna.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.05.2019 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er den såkalla skulebidragsindikatoren for grunnskulen som avslører skilnadene. Regjeringa vil finne ut kva dette kjem av.

– Bakgrunnen til eleven i form av utdanninga og inntekta til foreldra skal ikkje avgjere kor godt dei lykkast på skulen. Det er ansvaret til skulen å sørge for at det er innsatsen til eleven, engasjement og talent som avgjer, seier statsminister Erna Solberg (H) og held fram:

– Desse tala stadfestar at det er skilnader på kor flinke skulane er til å løfte elevane sine. No må lokalpolitikarane bruke det vi lærer om skulen til å gjere skulen betre.

Her kan du sjekke tala for skulane der du bur.

Statsministeren meiner lokalpolitikarane må nytte seg av kunnskapane frå skulebidragsindikatoren til å gjere skulen betre. Foto: Statsministerens kontor/Flickr/CC BY-NC 2.0

Les også om forslaget som får sterk kritikk: Regjeringa føreslår å fjerna song frå norskfaget

Oslo kjem best ut

Det indikatoren viser, er kor mykje kvar enkelt skule bidrar til resultata til elevane. Tala er justerte for utdanninga til foreldra, inntekt, innvandrarbakgrunn og dei tidlegare resultata til eleven. Resultata til elevane på nasjonale prøver i lesing, rekning, engelsk og eksamensresultatet på 10. trinn blir brukte i vurderinga.

Årets resultat for ungdomstrinnet viser at over ein tredel (32 prosent) av skulane i Finnmark er under landssnittet, medan det i Telemark berre er 8 prosent av skulane som er under landssnittet.

På det eldste trinnet i barneskulen (5.-7.) ligg 38 prosent av skulane i Telemark under landssnittet. Oslo ligg best an, med 10 prosent av skulane under snittet. Finnmark kjem på ein 8.-plass for dette trinnet med 20 prosent av skulane under snittet.

Dei alvorlegaste tala for Finnmark viser seg for det yngste trinnet (1.-4.). 46 prosent av skulane i fylket scorar under landssnittet. I Oslo, som kjem best ut, er det berre 4 prosent av skulane som ligg under snittet for dei yngste elevane.

Har du eksamen no? Liva fekk 23 seksarar på vitnemålet – her er dei beste eksamenstipsa hennar.

Regjeringa undersøker vidare

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H) seier Utdanningsdirektoratet skal skaffe meir kunnskap om kva skulane gjer rett og kva som manglar. Foto: Marte Garmann, Regjeringen.no

– Vi har fått viktig kunnskap om korleis skulane bidrar. Men vi veit for lite om kva som kjenneteiknar dei skulane som bidrar mest til læringa til elevane, og kva dei som bidrar minst manglar. Eg vil gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å skaffe meir kunnskap om dette, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

SSB anslo då skulebidragsindikatoren kom i 2017, at skilnadene kan svare til opp mot eit år med læring dei tre åra på trinnet.

Utdanningsdirektoratet har laga skulebidragsindikatorane for grunnskulen. Fordi ein ikkje har tidlegare resultat å vise til på 1.–4. trinn, og dermed berre kontrollerer for familiebakgrunn, er dette målet meir usikkert. Den detaljerte oversikta viser òg at det er store skilnader internt i fylka mellom kommunane og skulane.

Les også om dei to masterstudentane som har fått millionstøtte til å utvikla ein mobilapp som skal motivera elevar og studentar til å møta på skulen.

Masterstudentane Hana Colakovic og Michelle Sæther er dei i ferd med å utvikla ein mobilapp som skal motivera elever og studentar til å møta opp på skulen. Foto: privat