Gjev seg som leiar i Senterungdommen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter tre år som leiar i Senterungdommen har Ada Arnstad bestemt seg for å ikkje ta attval i november.

I ei pressemelding seier Arnstad at det er eit tungt, men riktig val å gje seg no, og at ho er takksam for tilliten ho har fått. 26-åringen frå Trøndelag har vore leiar sidan 2016, og er med sine tre år ved roret den lengstsitjande kvinnelege leiaren i Senterungdommen.

No gler ho seg til å ta fatt på sin siste valkamp som leiar av ungdomspartiet:

– Over fleire år har vi jobba godt med organisasjonen og vi har fått mange nye lokallag. Vi er eit sterkt ungdomsparti med mange nye, dyktige senterungdommar som skal ut og vinne valet for oss.

Les også nyttårspraten med Ada Arnstad: – Har måtta fortelje mange ungdommar at dei er verde noko

Skal heim til Trøndelag

Då ho tok over vervet fortalde Arnstad Framtida.no at det var klimasaka som førte til at ho engasjerte seg, og at den viktigaste saka for ungdomspartiet då var å få slutt på sentralisering. Denne kampen vil Arnstad også halde fram med sjølv om ho no gjev seg som partileiar i Senterungdommen:

– Med denne regjeringa sitt sentraliseringshysteri har det sjeldan vore viktigare med ei sterk og tydeleg senterrørsle. Vi vil utvikle, ikkje avvikle Distrikts-Noreg. Eg skal fortsetje å jobbe for vårt alternativ og vår politikk heime i Trøndelag frå hausten av.

Arnstad er 3. kandidat til fylkestinget i Trøndelag, og skal framover drive valkamp der. Uansett utfall skal 26-åringen heim til Trøndelag for å fullføre studiane.

Les også: Ungdomspolitikarane: Er det framleis vits i å markere 1. mai?