Ungdomspolitikarane: Er det framleis vits i å markere 1. mai?

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 02.05.2019 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er det 100 år sidan åttetimersdagen vart lovfesta i Noreg – den første store sigeren til arbeidarrørsla.

Framtida.no har spurt leiarane av ungdomspartia om kor vidt det framleis er vits i å markere arbeiderane sin internasjonale kampdag, og kva er dagens store politiske saker knytt til arbeidslivet?

Skal du gå i tog 1. mai?

Skal du gå i tog 1. mai?

Ja. 205
Nei.111
Veit ikkje. 8
Ser ikkje poenget. 25
Svar totalt: 349

SU: – Det du ikkje veit, kan du ha vondt av

– Korleis hadde det vore å jobbe sju dagar i veka, null ferie og ikkje kunne vore sjuk med løn? spør Andreas Sjalg Unneland.

Leiaren i Sosialistisk Ungdomsparti kallar første mai «ein av årets aller viktigaste dagar» og skal sjølvagt gå i tog.

Unneland meiner vi ikkje må gløyme at mange av dei beste tinga med Noreg har vorte til gjennom innsatsen til organiserte arbeidarar.

– Dette er rettar som vi ikkje kan ta for gitt. Arbeidsmiljølova vert svekka, forskjellane aukar, kloden vert varmare og Noregs rikaste vert endå rikare. Dette er problem som fagrørsla har løysingar på og 1. mai er dagen der vi markerer kva kampar som er viktig for oss.

– Ein lyt lære i skulen kva rettar ein har i arbeidslivet, seier Tobias Sjalg Unneland, leiar i Sosialistsik Ungdomsparti. Foto: SU.

Unneland skriv at nesten halvparten av unge opplever lovbrot på arbeidsplassen. Den viktigaste arbeidslivssaka for SU i dag er difor å krevje at ein i skulen får opplæring i faglege rettar.

– Det du ikkje veit, kan du ha vondt av. Og eg synest det er veldig rart at eg etter tretten år på skulen ikkje har lært noko om lovverket som skal beskytte meg dei neste 50 åra i livet mitt.

Les også saka: Er alle ungdomspartileiarane feministar?

KrFU: – Dette er vår tids slaveri

– Første mai burde både feirast og markerast. Det er ein dag der ein kan sjå på det som er bra i arbeidslivet og ferie det, og også ein mogelegheit til å setje fokus på det som kan verte betre og på arbeidstakaren sine rettar, seier Martine Tønnessen, leiar i KrFU.

Sjølv får ho ikkje gått i tog i år, då ho skal bruke dagen på å reise strekninga frå Vestlandet til Austlandet.

Tønnessen meiner den mest sentrale saka i arbeidslivet er å sikre alle gode arbeidskår – for framleis er det menneske som arbeider under slaveliknande forhold, både internasjonalt og i Noreg.

– Altfor mange vert tvungne til å jobbe for luseløn eller på dårlege kontraktar, og sånn vil vi ikkje ha det i 2019. Dette er vår tids slaveri.

Martine Tønnessen, leiar i KrFU, meiner det framleis er ein jobb å gjere for å sikre alle gode arbeidsvilkår. Foto: KrFU

FpU: – Første mai er ikkje lenger arbeidarane sin dag

– Det er viktig å markere og synleggjere dei utfordringane arbeidarane står ovanfor, men dette kan gjerast på langt betre måtar enn gjennom dagens 1. mai, skriv leiar i FpU Bjørn-Kristian Svendsrud.

Han meiner den moderne markeringa viker for mykje frå det den ein gong var, og viser til parolar som «Stem rødgrønt», «Forby atomvåpen», «Bygg ikke-kommersielt» og «Boikott Israel». Svendsrud meiner desse synleggjer at 1. mai ikkje lenger er arbeidarane sin dag, men har vorte venstresida sin dag.

– Det er eit skammeleg politisk spel og ikkje noko eg vil delta i, seier Svendsrud som difor ikkje kjem til å gå i tog.

Fpu-leiar Bjørn Kristian Svendsrud meiner fokuset på første mai-markeringar har vorte venstreside-politikk, heller enn å skape arbeidsplassar til dei kring 70 000 i landet som er arbeidsledige. Foto: Fpu

Fpu-leiaren etterlyser heller konkrete forslag til korleis ein kan skape fleire arbeidsplassar, og viser til Frp som ynskjer å redusere skatt og avgifter som skal gjere det enklare for bedrifter å tilsette fleire.

– Den viktigaste saka i dagens arbeidsliv er å gjere noko med paradokset at Noreg er verdas rikaste og lukkelegaste land, men har verdas sjukaste befolkning. Dersom sjukefråværet går ned til svensk nivå gjennom å kutte i sjukeløna, så vil Noreg spare femten milliardar kroner kvart år.

Unge Høgre: – Mange av dei viktigaste kampane er kjempa ferdig

– Det er fint at vi har ein dag til å markere sjølv om mange av dei største og viktigaste kampane nok er kjempa ferdig, seier leiar i Unge Høgre, Sandra Bruflot.

Bruflot skal ikkje sjølv gå i tog, men meiner der er fleire viktige saker å ta fatt i på arbeidslivsfronten også i dag.

– Viss eg må velje ein, må det vere at mange, spesielt kvinner, jobbar ufrivillig deltid.

RU: – Bursdag, julaftan og 17. mai på ein gong

– Første mai er for meg litt som bursdag, julaftan og 17. mai på ein gong. Det er rett og slett ein av dei viktigaste og morosamaste dagane i løpet av eit år, fortel leiar i Raud Ungdom, Tobias Drevland Lund.

Sjølv skal han markere dagen med å gå i tog og halde appell både i Skien og i Porsgrunn. Lund meiner det er viktig å feire alle arbeidarrørsla sine sigrar, og påpeiker at velferdsstaten ikkje har kome av seg sjølv.

Tobias Drevland Lund meiner første mai er ein dag for feiring, men at det framleis gjenstår kampar. Foto: Beate Haugtrø

– Arbeidarane sine rettar som rett til ferie, åttetimarsdagen og pensjon har ikkje vorte gjeve av politikarane eller bedriftseigarane som ei gåve. Det er eit resultat av at arbeiderrørsla gjennom 100 års kamp har kjempa fram goder og rettar som gjer oss til eit av verdas beste samfunn.

Samstundes understreker Raud Ungdom-leiaren at det er viktig å kjempe nye kampar også i framtida. Drevland Lund løftar mellom anna fram å innføre pensjon frå første krone, lovfesta rett til lærlingplass og forbod mot bemanningsbransjen.

Senterungdommen: – Det er framleis kampar å ta

– Det er framleis kampar å ta for ryddige arbeidsforhold og kvart menneske sin mogelegheit til eit gjevande og godt arbeid. Vi treng fortsatt å stå saman i kampane mot utnytting og uverdige arbeidsforhold globalt, nasjonalt og lokalt, seier Ada Arnstad.

Samstundes viser leiaren i Senterungdommen til dei unge listekandidatane frå partiet som er klare til å kjempe for betre arbeidsforhold i offentleg sektor om dei får plass i kommunestyre og fylkesting til hausten.

Sjølv vert ikkje Arnstad å sjå i tog første mai, men det er fordi ho ligg heime med ei heftig forkjøling.

Senterungdom-leiaren meiner ei viktig sak i norsk arbeidslivspolitikk å sørgje for at avgjerslene vert tekne av det norske folk, gjennom dei folkevalde, og ikkje i Brussel.

– Vi bør erstatte EØS-avtala med ei rein handelsavtale og stå støtt i kampen mot handelsavtalar kor våre rettar som arbeidstakarar er forhandlingskorta.

Sjukdom held Ada Johanna Arnstad, leiar i Senterungdommen, heime 1. mai. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Les også om ungdomen som skal sørge for at lokalvalet også tek omsyn til barna: – Sjølv om barn ikkje har stemmerett i Noreg, så bør vi ha ei stemme

GU: – Arbeiderrørsla burde samle seg om krav om meir tid framfor meir pengar

– For oss i den grøne rørsla handlar ikkje 1. mai berre om sosiale rettar og maktstrukturar, men også vekst- og forbrukskritikk, klima, etisk handel og internasjonal omfordeling, seier talsperson for Grøn Ungdom, Teodor Bruu.

Han er ikkje i tvil om han skal gå i tog. Ikkje berre fordi han synest det er ein av årets mest morosame og viktige dagar, men også for å markere at det i arbeidarrørsla er rom for å tenke nytt og ikkje låse seg til gamle ideologiar.

– Vi må ikkje ta dei velferdsordningane og arbeidarrettane vi i dag har i Noreg for gitt, spesielt ikkje når vi har ei regjering som ofte fører ein politikk som er på kant med dette.

Samstundes meiner talspersonen at dagen er eit høve for å løfte blikket, og sjå korleis Noreg påverkar andre land:

– Dei viktigaste sakene knytt til arbeidsliv i dag handlar om det sårbare arbeidslivet utanfor Noreg som vi påverkar gjennom den blinde fråtsepolitikken vi fører her heime. Arbeiderrørsla burde samle seg om krav om meir tid framfor meir pengar, og minska kjøpekraft for middelklassa.

Teodor Bruu. Foto: Grøn Ungdom

Les også reportasjen om Oda (19) som tok eit friår for å drive med politikk.