Ada Arnstad skal leia Senterungdommen
Den engasjerte 24-åringen brenn for klimapolitikk, rettferdig handel og desentralisering.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Førre helg vart Ada Arnstad (24) valt til ny leiar under Senterungdommen sitt 67. landsmøte, som vart arrangert på Sola i Rogaland.
Den nye leiaren i Senterungdommen er niesa til Marit Arnstad, som er parlamentarisk leiar i moderpartiet. Ho tek over leiarvervet etter nordmøringen Erling Laugsand, som har vore leiar sidan 2013.
Me lurte på kva som gjorde at 24-åringen frå den vesle bygda Skatval i Nord-Trøndelag engasjerte seg i politikken, og kva som vert dei viktigaste sakene for Senterungdommen framover.
– Eg blei engasjert på grunn av klimasaka. Eg vil velje det partiet som tek klimaendringane på alvor. Fleire parti er oppteken av å verne naturen, men eg meiner vi må ta i bruk naturressursane for å løyse klimautfordringa. Derfor valte eg Senterungdommen, svarar Arnstad i ein e-post til Framtida.no.
Kva vil Senterungdommen merka av forskjell med deg som leiar?
– Eg er blondare og har dårlegare humor enn Erling. Frå spøk til alvor: vi går inn i eit valår og det blir ein prioritet for meg å reise landet rundt for å treffe ungdom og høyre kva dei er opptatt av.
Kvifor er det bruk for Senterungdommen i Noreg?
– Vi er ein pådrivar for sosial og geografisk utjamning. Vi vil forvalte natur og samfunn slik at dei er i betre stand enn når vi overtok dei. Senterungdommen kjempar for at makt skal fordelast mellom folk, og seier nei takk til maktkonsentrasjonen som regjeringa prøver på med sine reformer. Det er viktige framsynte verdiar for Noreg!
Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar i helga?
– Vi vedtok eit omfattande program med mykje ny politikk! Det er vanskeleg å velje ut ei enkelt sak, men eg blei spesielt glad for den gode klimapolitikken. Andre viktige vedtak var å innføre et juridisk tredje kjønn, vi seier ja til dobbelt statsborgarskap, byggje lyntog, auke fråværsgrensa og ta opp kampen mot hemnporno.
Kva er dei viktigaste sakene for Senterungdommen anno 2016?
– Vi vil få slutt på sentraliseringa til regjeringa! Det er ikkje akseptabelt at makt, ressursar, tryggleik og arbeidsplassar blir flytta unna folk, slik vi ser i dag. Vi må betre tenestene i landet og syte for at det er mogleg å leve gode liv med gode moglegheiter i by og bygd!
Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?
– Vi må krevje vår plass. Vi har rett til å uttrykke oss og bli høyrt, men vi får ikkje alltid ein plass ved maktas bord. Vi må arbeide saman på tvers av politiske parti for å gi ungdom sin rettmessige plass i politikken.
Kva er idealsamfunnet?
– Eit samfunn kor du har gode moglegheiter uavhengig av din bakgrunn og kor vi løyser klimautfordringane gjennom ei sterk vekst i næring innanfor fornybar energi og bioøkonomien. I mitt idealsamfunn er det stor grad av internasjonalt samarbeid, men utan at me må gje frå oss like mykje suverenitet, som det krev i dag. Du skal kunne bestemme over eigen kvardag, ikkje byråkrater med stor avstand til din kvardag.
LES OGSÅ:
Faktaboks
Frå: Skatval i Nord-Trøndelag
Alder: 24 år
Studerer/jobbar med: Internasjonale studiar på Universitet i Oslo men søker permisjon på grunn av leiarvervet.
Favorittfag på skulen: På vidaregåande var det Internasjonal engelsk og Politikk og menneskerettigheter.
Ulike verv: Prøver å holde meg til leiarvervet i Senterungdommen for augneblinken
Medlem i (utanom Senterungdommen): Spire, Ungdom mot EU og Norsk Målungdom.
Kva gjer du i fritida/hobby: Musikk er det viktigaste, i mange former. Gjennom å lage spelelister, oppdage ny musikk eller syngje høgt med venninnene i kollektivet mitt.