Ada Arnstad: – Har måtta fortelje mange ungdommar at dei er verde noko

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Har måtta fortelje mange ungdommar at dei er verde noko

– Kva har gledd deg mest dette året?

– Eg har vore så heldig at eg har fått lov å reise rundt og besøke mange nye lokallag. Det har gitt meg reiser rundt i heile landet, og har vore ei veldig takknemleg oppgåve. Det er veldig godt å sjå at ungdommane skaper liv og leven og at dei i tillegg er med og kjempar for at ungdom skal ha gode liv i heile landet.

Les også innlegget frå Senterungdom Bergljot Oldre:– Eg er ikkje til pynt på fylkestinglista, om det er det du trur

– Kva har skuffa deg mest?

– På desse reisene har eg møtt veldig mange ungdommar der eg må fortelje dei at dei er verde noko. Grunnen til det er at dei opplever at når politiet ikkje er der for dei, sjukehuset blir lagt ned, forsvaret ikkje lenger skal beskytte landsdelen deira (det gjeld særleg Nord-Noreg), da opplever dei kjensla av å vere mindre verde, og at storsamfunnet ikkje skal ta vare på dei.

Da har min beskjed til dei vore: «Det er ikkje noko gale med dykk, men det er noko gale med politikken til regjeringa». Det er det som desidert har skuffa meg mest i året som har gått.

Sjå også: Ada Arnstad var julekalendernisse for Framtida.no i desember

– Kva er ditt største ønske for 2019?

– Mitt største ønske er at vi skal få mange nye lokallag og nye medlemmar i Senterungdommen. Og mest av alt ønsker eg at vi skal sjå at ungdommane strøymer til og tar over i kommunestyre og fylkesting.

– Og så ønsker eg å få mykje kvalitetstid med nevøen min som er eitt og eit halvt år.

Les også: Dette er velferdsstatens største truslar, ifølge ungdomspartia