Natur og Ungdom klare for ny skulestreik: – Det blæs ein skikkeleg miljøvind

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit heilt vanvitig miljøengasjement for tida, og særleg blant unge, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom.

Etter at svenske Greta Thunberg i august i fjor sette seg ned framfor den svenske riksdagen og byrja å skulke skulen i protest mot klimapolitikken til regjeringa, har ringverknadene vore enorme. 15. mars deltok 1,8 millionar skuleelevar på ein verdsomfattande skulestreik inspirert av Thunberg.

Få dagar etter mobiliserte Natur og Ungdom saman med andre organisasjonar til ein nasjonal skulestreik, med over 40.000 deltakarar over heile landet.

24. mai er det planlagt 689 streikar i 94 forskjellige land, og foreløpig er det varsla 17 streikar i Noreg.

– Vi veit ikkje før same veke kor mange det blir, men ventar at det blir tusentals, seier NU-leiaren.

Les om den førre skulestreiken her. 

Medan NU-leiar Gaute Eiterjord blir intervjua, tikkar det inn ei melding på mobilen, som fortel at demonstrantane på Andenes fått gjennomslag for sortering av søppel. – Det gjer meg veldig glad, for det er noko dei har gjort på eige initiativ. Kravet vårt til regjeringa er å stoppe oljeleitinga, men kravet i kommunane er betre miljøpolitikk i kvar kommune, seier Eiterjord. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Oppstår spontant

Enno er det store «mørketal» frå den førre streiken, fortel Eiterjord.

– Sist veke fann vi ut at dei var 1.500 i Kristiansand, og det hadde vi ikkje fått med oss da vi talde. I Vesterålen var det òg ein streik som oppstod utan av vi visste om det, og nyleg fekk vi høyre om ein streik i Mehamn i Finnmark, fortel han.

Fleire lokallag, som i Bodø og Valdres, er oppretta som ein direkte følge av streiken, og fleire stader i landet har ungdommar halde fram med å demonstrere kvar veke sidan.

– Det som er så spesielt, er at det har oppstått så plutseleg, og dei som streikar, er ikkje alltid engasjerte i ein miljøorganisasjon frå før av. Det oppstår spontant, og mange melder seg inn etter å ha vore med på streiken.

Det er eit heilt vanvitig miljøengasjement for tida, og særleg blant unge

– Det blæs ein skikkeleg miljøvind, seier NU-leiaren, og meiner vinden ikkje hadde hatt same styrke utan Greta Thunberg.

– Ho har hatt utruleg mykje å seie, og har klart å engasjere så vanvitig mange unge til å ta saka i eigne hender og gå ut og protestere.

Nyleg vart Natur og Ungdom og Greta Thunberg tildelt Fritt Ord-prisen for engasjementet.

Les også kva Eiterjord sa i si takketale då han på vegner av Natur og Ungdom tok imot Fritt Ord-prisen: – Me kjem ikkje til å gi oss før me får det som me vil

Lei av dobbeltmoral

Natur og Ungdom har aldri har opplevd eit liknande trykk, fortel Eiterjord. Sidan nyttår har meir enn 2000 meldt seg inn i organisasjonen. Om ein skal jamføre, var det om lag 500 som hadde meldt seg inn på same tid i fjor.

Også Naturvernforbundet opplyser at dei har fått 4000 innmeldingar etter nyttår, eit tal som «skil seg veldig frå tidlegare år», og Framtiden i våre hender har fått 1297 nye innmeldingar etter nyttår, noko som er 75 prosent høgare enn året før.

– Det betyr at veldig mange vil at det skal skje meir for miljøet, seier Eiterjord.

Under streiken 22. mars leverte Eiterjord ei liste med miljøkrav til klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V). Eitt av krava er at regjeringa set ein stoppar for fleire oljeutvinningsløyve. Dei krev òg at det norske klimamålet blir auka, at ein skaper meir klimavennlege jobbar og kuttar meir enn halvparten av dei norske klimagassutsleppa innan 2030.

– Vi streika for å gi politikarane eit tydeleg signal om at det ikkje er nokon vits i å studere for ei framtid vi ikkje får, seier han.

Les også kva Ola Elvestuen sa då han mottok krava: – Eg kan ikkje love at det ikkje kjem meir leiting etter olje

Gaute Eiterjord overleverer krava til klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) under skulestreiken 22. mars. Foto: Thomas Mordal / Natur og Ungdom

Eit historisk ansvar

Han meiner at så lenge krava deira ikkje blir følgde opp, er det grunn til å streike.

Både Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har teke krava frå Natur og Ungdom vidare til Stortinget. Der blir saka behandla i juni.

– Når vi er i ein sånn krisesituasjon, burde partia sjå litt lenger enn det dei har vedteke i partiprogrammet, meiner Eiterjord.

Veldig mange vil at det skal skje meir for miljøet

I FNs Parisavtale har 195 land forplikta seg til å kutte ned på co₂-utsleppa for å bremse global oppvarming. I mai varsla FN at 1 million artar er utryddingstrua. Natur og Ungdom meiner vi har eit historisk ansvar for å ha bidrege til klimaendringane.

– I 50 år har Noreg produsert vanvitig mykje olje og gass. Vi har tent mykje pengar, men vi har òg bidratt til å koke kloden. Politikarane lèt som at det ikkje er noko problem. Noreg seier at vi er eit føregangsland for klima men vi er ein del av problemet, seier Eiterjord, og kallar det den norske dobbeltmoralen.

Les også: Starta underskriftskampanje for å erklære klimakrise i norske fylke

Eit generasjonsskilje

Den første store streiken i Noreg vart arrangert i Bergen. Same dag som Torgalmenningen var fylt av tusentals ungdommar som kravde slutt på oljeleiting, opna regjeringa for oljeleiting i 90 nye blokkar i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.

Eiterjord opplever at det er eit generasjonsskilje når det gjeld synet på klima, som gjer seg gjeldande rundt 50-åra.

– Det er eit ganske tydeleg skilje, vil eg seie. Det er eit aukande engasjement for miljøet i alle samfunnslag og alle aldrar, men det er mange fleire unge som aksjonerer for klima enn vaksne. Dei unge tar mest ansvar, seier han.

Han har veldig tru på at ei så massiv mobilisering som dei har gjort og no skal gjere igjen, kan endre politikken.

– Men det som hadde gitt meg mest håp, er at vaksne og politikarar ville tatt meir ansvar, og høyrer på ekspertane som seier vi er på veg til ein klimakatastrofe, seier Eiterjord.

Les også om rapporten som forklarar: Slik kan verda gjerast utsleppsfri innan 2050

I april fekk Natur og Ungdom Fritt Ords pris saman med Greta Thunberg. – Det betyr mykje, og er ei stor anerkjenning av all innsatsen ungdommane gjer for miljøet, seier NU-leiar Gaute Eiterjord. Foto: Beate Haugtrø / NPK