Fritt Ord-vinnar Natur og Ungdom: – Me kjem ikkje til å gi oss før me får det som me vil
Onsdag mottok Natur og Ungdom Fritt Ords Pris saman med Greta Thunberg for sitt bidrag i klima- og miljødebatten. Prisen vil organisasjonen nytte til å styrke innsatsen blant dei unge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Prisvinnarane mobiliserer ungdom som pressgruppe for raskare handling, gjennom debatt og aksjon, og tek dermed i bruk ytringsfridomen med ny kraft og målmedvite, sa styreleiar i Fritt Ord, Grete Brochmann i si tale til prisvinnarane.
Ho rosar Natur og Ungdom for å vere den norske forankringa i den globale rørsla som skulestreiken for klima har vorte. Samstundes heidrar ho prisvinnarane for at dei torer å gå inn i eit minefelt med latterleggjering og sjikane i kommentarfelt for å gjere sine argument gjeldande.
Les også: «Anno»-Enok reagerer på matkasting – oppmodar til boikott av NorgesGruppen
Kvar er klimatiltaka?
Leiaren i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, sa i si tale at prisen er ei anerkjenning av det arbeidet organisasjonen gjer, og motiverer dei til å halde fram. Samstundes kritiserer han regjeringa for å framleis ikkje ta grep:
– Det finst rapportar om klimatiltak i bøtter og spann, så det manglar ikkje løysingar. Kvifor løyser ikkje dei vaksne klimakrisa då? spurde Eiterjord.
Han synte til at kunnskap om klimakrisa på ingen måte er ny – Noreg sette sine første klimamål i 1989, før han sjølv var fødd – men at Noreg likevel er eitt av få land i Europa med høgare klimagassutslepp no enn i 1990.
– Det finst inga orsaking, dette handlar utelukkande om prioriteringsevne, sa Eiterjord.
Les også dette meiningsinnlegget som tek føre seg prislappen på det miljøvenlege skiftet: Grøn omstilling – har vi råd?
Noreg lyt erklære klimakrise
I talen oppmodar Natur og Ungdom-leiaren den norske regjeringa til å erklære ein nasjonal krisetilstand. Tidligare i mai vedtok Underhuset i det britiske parlamentet at Storbritannia står ovanfor ei «nasjonal klimaendring-krise».
Ei slik erklæring følgt opp av vedtak vil syne at politikarane innser alvoret, meiner Eiterjord. Dette alvoret meiner han gjekk politikarane hus forbi under skulestreiken. Difor arrangerer også Natur og Ungdom, saman med ei rekkje andre ungdomsorganisasjonar, ein ny skulestreik 24. mai:
– Ungdom organiserer seg til kamp for miljøet som aldri før. Dei handlingslamma politikarane er gjennomskoda og har ingen plass å gøyme seg lenger. Dei skal vite ein ting: Me kjem ikkje til å gi oss før me får det som me vil, avslutta Eiterjord.
Natur og Ungdom mottok 250 000 kroner frå Fritt Ord i prispengar. Samstundes donerte Greta Thunberg sin tilsvarande sum til klimasøksmålet Natur og Ungdom og Greenpeace har mot den norske staten. Den saka skal opp i Borgarting Lagmannsrett i november i år.