Fafo: Mange har stereotypiske haldningar til minoritetar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samtidig meiner éin av fem at ein innvandrar frå Sverige aldri kan bli heilt norsk. 39 prosent oppgir at ein innvandrar frå Somalia aldri kan bli heilt norsk. Det kjem fram i ei undersøking Fafo har gjort på oppdrag for Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir).

– Dette er den første undersøkinga i sitt slag som ser diskrimineringsgrunnlaga i samanheng, og vi er overraska og bekymra over enkelte av funna. Mellom anna er det trist å sjå at førestillingar om rase og etnisitet kjem i vegen for kven vi anerkjenner som norske, seier direktør Mari Trommal i Bufdir.

Les også intervjuet med Sumaya Jirde Ali: – Ikkje ver redd for sånne som meg

Aksepterer diskriminering

Undersøkinga viser òg at det eksisterer stor aksept for å diskriminere kvinner som bruker hijab. 19 prosent oppgir at ingen reaksjon er nødvendig når ei kvinne med hijab blir diskriminert i ein tilsettingsprosess. 38 prosent oppgir at dei helst ikkje ville hatt romfolk som naboar.

– Vi er overraska over at det er så store variasjonar i haldningar til dei ulike gruppene som er verna i lovverket. For enkelte grupper er stereotypiske haldningar utbreidd, og det er større aksept for at desse blir utsette for diskriminering enn for andre. Vi er bekymra for konsekvensane av dette, seier Trommald.

Les også meiningsinnlegget: Det vondaste med å bli utsett for rasisme er den grufulle stillheita frå alle rundt deg