«Ikkje ver taus i morgon viss du ser eller opplever at nokon blir sjikanert»

Camilla Ahamath
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget er henta frå Facebook og omsett til nynorsk med samtykke frå forfattaren.

Eitt år er gått sidan eg sat i TV 2 studio i Bergensbunad og absurd forsvarte min rett til å gå med den. Eg er #norsknok ?

I ettertid var det mange kvite som sende meldingar og ringde meg. Dei fortalde at dei var sjokkerte over rasismen i landet vårt. Mange trudde vi hadde tatt eit oppgjer med rasisme for lenge sidan.

Brune folk sende også meldingar og ringde meg. Dei takka meg for å ta opp temaet og fortalde eigne historier om rasisme, med og utan bunad. Vi var mange som trong å bli høyrde, sett og forstått.

Det hadde vore fint om vi kunne samla oss og feire morgondagen utan fordommar etter fjorårets verkelegheitsorientering.

Dette året har eg jamt og trutt fått høyre historier om rasisme frå folk over heile landet. Rasisme kjem i mange former og ikkje alle er like tydelege. Vi har framleis ein jobb å gjere, tru meg!

Men eg har også fått med meg at stadig fleire fleirkulturelle ønskjer seg bunad. Det er rett og slett fantastisk og betyr truleg at; i morgon vil det vere fleire fleirkulturelle i bunad enn det nokon gong har vore. Hurra for inkludering og integrering! Blir heilt rørt.

I år som i fjor ber eg deg likevel om å ha eit vakent auge på nasjonaldagen. Det vondaste med å bli utsett for rasisme er faktisk ikkje at det skjer, for det er mange av oss diverre blitt så vant til. Det som stikk djupast er den grufulle stillheita frå alle rundt deg. At ingen seier noko, står opp for deg og/eller beskyttar deg. Ikkje ver taus i morgon viss du ser eller opplever at nokon blir sjikanert. Pass på dine store og små medborgarar.

På 17. mai feirar vi vår fridom i fellesskap!
Fridom til å vere den ein er.
Fridom til å velje.
Fridom til å gå i bunad.
Fridom til å la vere.

Gratulerer så mykje med morgondagen ❤️??

Les også: Sju bunadsmytar det er på tide å pensjonere

Illustrasjonsfoto: paulchu75/Flickr/CC BY 2.0