– Ikkje ver redd sånne som meg

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er stornøgd, eg likte det veldig godt. Det var folk overalt. Folk stod utanfor, langs veggane, det var veldig god stemning.

Det seier Sumaya Jirde Ali morgonen etter lanseringsfesten for bokserien Røyndom, der ho er ein av tre forfattarar. Sjølv debuterer ho som sakprosaforfattar.

I bokserien skriv både Jirde Ali, Camara Lundestad Joof og Kristin Fridtun om tema som angår dei sjølve, og som alle tar opp opplevinga av å vere ein minoritet blant majoriteten.

F.v. Kristin Fridtun, Sumaya Jirde Ali og Camara Lundestad Joof. Foto: Samlaget

På lanseringa var det mange ulike grupper til stades, både når det gjeld alder, bakgrunn og livssyn.

– Det er veldig fint at så mange menneske kan komme saman og nyte den samme litteraturen. At litteraturen kan bli eit bindeledd, seier ho.

Var tenkt som ei samtalebok, enda som ei personleg forteljing

Sumaya Jirde Ali si bok «Ikkje ver redd sånne som meg», skulle i utgangspunktet fortelje om den jamnaldra syriske flyktningen Suha Alhajeed.

Boka skulle handle om Alhajeed si oppleving av å komme til Noreg som syrisk flyktning, med utgangspunkt i eit avisinnlegg ho hadde skrive etter å ha opplevd å bli sett på med mistenksame blikk.

Men då Jirde Ali byrja å skrive, fann ho ut at det òg var nødvendig å fortelje si eiga historie. Livet hennar endra seg etter terroråtaket på Utøya den 22. juli. Da var ho 13 år.

– Fram til eg var 13 år, hadde eg aldri reflektert over om eg var norsk eller somalisk. Men etter den dagen i 2011 var eg berre ikkje norsk. Da skjønte eg at no er eg ikkje lenger norsk.

Ho las om Breivik, vart oppslukt av det. Først vart ho letta over at terroristen ikkje var muslim. Så kom det dårlege samvitet over at ho tenkte på seg sjølv når det var over 70 omkomne.

– Og da eg las om motiva hans, såg eg at det var på grunn av menneske som meg. Eg fekk ei kjensle av å vere eit problem, noko som gjorde at eg krympa meg. Og eg gjekk og følte sjølvforakt. Eg likte ikkje å vere brun, ikkje å vere muslim. Berre fordi eg såg korleis folk tenkte at det var ein negativ ting, seier ho.

Sumaya Jirde Ali. Foto: Beate Haugtrø

Eg likte ikkje å vere brun, ikkje å vere muslim. Berre fordi eg såg korleis folk tenkte at det var ein negativ ting.

Etterpå fortrengde ho kjenslene. Ho trivdest på vidaregåande, fann ei god venninne som forstod henne, ho kunne vere meir seg sjølv, fann si eiga stemme.

– Så først då eg byrja å skrive om oppveksten min, skjønte eg kor traumatisk det var for meg.

Da flyktningkrisa eskalerte hausten 2015, kom dei gamle kjenslene opp.

– Igjen kom opplevinga av å bli fråtatt menneskelegheit. Sjølvforakta og dei vonde stikka kom til overflata.

Ho forklarer dei vonde kjenslene som noko som berre hadde senka seg litt inni henne, og som kom opp igjen da det vart trigga.

– Måten det vart snakka om flyktningar på, at dei vart tileigna haldningar og meiningar ein ikkje visste om dei hadde, det kjente eg meg så igjen i.

 at dei vart tilegna haldningar og meiningar ein ikkje visste om dei hadde, det kjente eg meg så igjen i

– Dei vart sette i ein posjon der dei måtte forklare og forsvare kven dei var. Det måtte eg gjennomgåande i oppveksten – forklare og forsvare kven eg var.

– Premissen er jo at det er galt, ikkje sant. At religionen, hudfargen, den burde du ikkje ha. Du passar ikkje inn i det generelle bildet rundt deg.

– La meg fortelje deg mi historie

Ho ser på boka som eit opplysings- og humaniseringsprosjekt.

– Ein kan sjå på det som ei oppfordring: «Ikkje ver redd», men òg ei opplysing om korleis eg blir nøydd til å ta ein sånn posisjon på grunn av alt eg opplever, møter og må stå i, seier ho.

«Her, la meg fortelje deg mi historie så du og kan bli litt klokare på den norske røynda som finst», seier ho.

– Eg er 100 prosent sikker på at eg deler den røynda med mange andre.

Under boklanseringa var det folk som kom gråtande opp, og ga henne ein klem og sa dei kjente seg igjen.

– Det var veldig befriande. Eg har aldri vore så utleverande og personleg, så eg har grugleda meg til mottakinga, seier ho.

Ho fortel at det allereie har vore stor interesse for boka. At ho har fått gode tilbakemeldingar, gjer at ho kan senke skuldrane.

Ønsker å få folk til å reflektere

– Eg ønsker at boka skal få folk til å reflektere. Om folk byrjar å reflektere i lys av det dei har lese, så har boka gjort det eg vil den skal gjere.

Trass i jamlege trugslar og hets frå folk som meiner at ho som ung jente med innvandrarbakgrunn ikkje burde ytre seg på lik line med andre debattantar, har ho sidan 2016 engasjert seg gjennom lesarinnlegg.

Først i Aftenposten Si;D, og etterkvart som spaltist i Klassekampen. I november ga ho ut si første bok.

Etter kvart har ho vorte meir og meir sikker på at det er viktig at ho tar denne plassen.

– Eg har forstått kvifor det er viktig at menneske med min bakgrunn tar plass. Det er ei gruppe som er mest synleg i kulturen og litteraturen i Noreg. Eg meiner det er bra om vi bevisstgjer oss rundt kva faktorar som gjer at skeivheita eksisterer.

Ho opplever òg at når ho sjølv ytrar seg, så senkar det terskelen for at andre unge jenter og gutar gjer det same.

– Eg har fått høyre av andre unge jenter og gutar med minoritetsbakgrunn at dei ikkje visste at det var mogleg å uttale seg offentleg, seier ho.

LES OGSÅ: Når dei som ytrar seg mistar smilet sitt

Tilgang til to ulike verder

Og i framtida vil ho både gjerne bli forskar og skrive bok.

– Eg har lyst til å ta ein PhD (doktorgrad) i sosialantropologi, seier ho.

Ønsket har bakgrunn i at ho høyrer heime i to kulturar, og at ho er van med å sjå samfunnet frå meir enn ei side.

– Og så er eg nysgjerrig og glad i menneske. Eg har tilgang til to ulike verder. Eg vil ikkje berre forhalde meg til det eine eller det som er nær meg, men vil forhalde meg til andre impulsar, andre kulturar og andre menneske, seier ho.

– Det gjer at eg ser nyansane. Og dei har vore viktige for meg, seier ho.

Les også intervjuet Framtida.no gjorde med ho i fjor: – Difor brukar eg hijab