Fleire innvandrargutar fullfører vidaregåande skule
Fire av ti innvandrargutar fullfører ikkje vidaregåande skule. Men pilene peikar i rett retning, seier Imdi-direktøren.
– Dersom vi ser unge innvandrarar under eitt, teiknar det seg eit forholdsvis positivt bilete, seier Imdi-direktør Libe Rieber-Mohn til NRK.
Ho seier at det i dag er fleire med innvandrarbakgrunn som deltek i arbeid eller utdanning enn før, og at andelen som fullfører vidaregåande opplæring har auka.
Andelen norskfødde med innvandrarbakgrunn som fullførte vidaregåande skule, var i perioden 2017 til 2023 på 75,5 prosent, medan andelen for innvandrarar var 60,6 prosent. I perioden 2006 til 2012 var tala høvesvis 59,1 og 44 prosent, ifølgje SSB.
Blant jenter fødde i Noreg med innvandrarforeldre var andelen som fullførte vidaregåande i fjor like høg som i resten av befolkninga.
Blant dei som har innvandra før skulealder, er det små forskjellar samanlikna med dei som er fødde i Noreg av innvandrarforeldre. Dette gjeld både jenter og gutar.
– Dette understrekar viktigheita av tidleg innsats, målretta norskopplæring og tiltak som støttar både ungdommane og familiane deira gjennom skuleløpet, seier Imdi-direktøren.