Mann frå Bergen dømt for pride-trugslar
Ein 27 år gammal mann frå Bergen er dømd til 15 dagar i fengsel på vilkår og må betala ei bot på 15.000 kroner for hatefulle ytringar etter innlegg om pride.

Mannen vart pågripen 10. juni 2023, dagen før prideparaden i Bergen, skriv Bergensavisen.
I sosiale medier-plattformen Jodel kvelden før spurde ein brukar om nokon ville dra saman til paraden. 27-åringen svarte:
– Skal sjå frå eit tak med rifle, er berre å bli med.
«Håpar det blir terrorangrep»
Politiet vart tipsa om kommentaren, og mannen vart pågripen. På mobiltelefonen hans fann politiet endå ein kommentar som han hadde publisert på Jodel.
«Håpar det blir terrorangrep mot pride. Ønskjer nødvendigvis ikkje at folk skal døy. Ønskjer berre ikkje alt styret med pride, det er slitsamt og irriterande», skreiv han.
Førre veke måtte han møta i retten, tiltalt for hatefulle ytringar mot skeive. Han innrømde å ha skrive meldinga, men avviste at intensjonen var å skremma.
– Eg overdreiv ekstremt, og det var feil formulert. Det er ikkje det eg meiner, men eg synest det blir eit for veldig fokus på pride heile vegen, i arbeidslivet og i nyheiter i ein heil månad i strekk, sa 27-åringen.
Tingretten slo likevel fast at han sette fram ein trugsel. Dommen var einstemmig.
– Eg synest retten har gitt ei god vurdering knytt til det straffbare og er tilfreds med resultatet, seier politiadvokat Trygve Matre til BA.