Linn lagar poesi om valdtekt og teikneseriar om livet

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ikkje noko eg «held på med», og eg vil ikkje kalle det enten hobbyen min eller jobben min, det er heile meg, det er personen eg er. Det er alt eg gjer og alt eg tenkjer på, seier Eielsen.

Ho kallar seg både teikneserieskapar, forfattar, illustratør, musikar, skodespelar og slampoet. Samstundes går ho siste året på musikklinja på vidaregåande.

Kritiserer Trump, Siv og kroppspress med humor

På datamaskina ligg ferdige teikneseriestriper klare heilt fram til mai. Og idébanken er tjukk. Men ho teiknar berre når ho har lyst. Om ikkje hadde ho ikkje klart å halde det gåande. På den måten har ho tid til resten av livet også.

– Det viktigaste når ein driv på med kunst, er å vere ute i verda. Eg kan ikkje bure meg inne for å teikne og skrive, då hadde eg ikkje hatt noko å skrive om.

Menneskerettar, psykisk helse, politikk og kultur er det ho helst skriv, syng og teiknar om.

– Eg har fått kommentarar på at stripene av og til er for mørke, men det er slik verda ser ut gjennom mine auge. Det passar kanskje ikkje alle, men det passar nokon, seier Eielsen.

Ho har vore aktiv i teatermiljøet lenge, men har aldri hatt ei hovudrolle. Teknisk flink har ho heller aldri vore, ifølgje seg sjølv. I kunst- og handverktimane skulle klassen tove, men ho bles heller såpebobler.

– Men greia er at eg har fått fleire og fleire historiar å fortelje. Eg har utvikla meg utifrå kva eg ynskjer å formidle.

Les også: Meining: – Me må snakka meir om psykisk helse

Hovudrolla i teikneserien speglar henne sjølv.

– Hovudkarakteren, altså Linn, er ein karikert parodi på livet mitt. Eg lever i ei eksistensiell krise som er konstant, alt er veldig svart-kvitt. Enten så er det overdramatiske Linn som berre held på å døy, eller så vinn eg over heile verda.

«Sarkastisk, filosofisk, puns og ungdommer som ikke helt når toppen.» Slik skildrar Eielsen si eiga Facebook-side. Foto: L-innsikt

Det er tre år sidan ho, først som ein spøk, byrja å dele teikneseriestriper på Facebook. Sidan den gong har ho starta eige enkelpersonsføretak, fått Draumestipendet, vunne Read On sin internasjonale teikneseriekonkurranse og dermed fått stripene sine omsett til fire språk, gjeve ut eige teikneseriehefte, teke ein tredjeplass i NM i slampoesi og gull i Vestlandsmeisterskap. Ho har også opptredd med musikk og slampoesi på fleire visefestivalar og fått faste avtalar med Haugesunds avis og Aftenposten om å stå på trykk kvar veke.

No held ho på lage manus, musikk og plakatar til ein musikal som skal bli sett opp på barne- og ungdomsteateret Haugesundscenen.

– Ja, eg trivst med å ha det passeleg travelt. Men når folk spør om eg har det travelt, pleier eg å svare at eg ser på Netflix medan eg jobbar.

Les også: Poesibilen deler ut parkeringsbøker

Tek eit oppgjer med «ungdomen no til dags»

«Ungdomen no til dags» er eit uttrykk som ikkje nødvendigvis burde vere berre negativt, meiner Eielsen.

– Eg har lyst å fortelje ei historie. Det var ein episode på butikken der eg var superstressa, hadde det travelt og måtte svare på ein melding medan eg stod i kø. Bak meg stod ein gamal mann, tydeleg irritert over at eg teksta. Han gjekk forbi meg i køen. På veg ut av butikken var eg så sliten at eg held på å svime av, men såg framleis ned i telefonen. Eg kryssa hans gåbane og gjekk nesten rett i han. Attpåtil hadde eg ein firepakning med sider i hendene. Då tenkte eg «Åherremin, no var eg akkurat den sterotypiske ungdomen som media har teikna eit bilde av».

– Men det var jo berre akkurat då, akkurat den gongen. Eg er jo aldri slik elles, men han mannen kjem til å tru at eg alltid er slik. Og det er jo feil.

Linn er lei av av fordommane mot ungdomar. – Me ungdomar så mange informasjonskanalar at det er vanskeleg å vite kva som er sant. Men eg kjenner ingen ungdomar som er uoppdaterte, alle veit kven som styrer landet, kven Trump er, kvifor folk skyt ulvar og kvifor ein ikkje burde skyte ulvar, seier ho. Foto: L-innsikt

Linn har fått nok av at ungdom ikkje vert høyrde og heller blir sett på som «søte» og uengasjerte. Ho trur ikkje på at ungdomar er mindre opplyst no enn før.

– I dei viktigaste sakene vil ungdom reise seg og seie ifrå. Det er fråversgrensa eit bevis på. Eg las ein plass at det var den største ungdomsbevegelsen sidan den gongen ein diskuterte EU. Det finst så utruleg mange ressurssterke ungdomar der ute, og det er fantastisk å sjå kva folk får til.

Les også: Sofie Frost: – Det er så deilig å vere meir sint igjen

«Skriv som om ingen skal lese det du skriv»

Linn har funne mange kanalar for sine meiningar, uttrykk og sin kreativitet.

– Korleis finn ein si stemme, og kvar skal ein starte om ein har noko ein vil seie? 

– Du må starte med å tenke at det du lagar ikkje skal visast til nokon andre enn deg sjølv. Skriv og lag det du likar, og til slutt vil det modnast, slik at ein vert klar til å vise det fram. Eg har fleire prosjekt på gang som eg ikkje torer å vise endå, men det blir klart. Ein dag.

Slampoesi er ei munnleg framføring av eigne tekstar. Ein av tekstane Linn har framført fleire gongar, er «Du er så fin du». Den sterke, kjensleladde historia handlar om ei jente som har blitt valdteken, og alle spørsmåla ho sit igjen med etterpå.

– Den er ikkje basert på eigne opplevingar, men på ting eg har høyrd og lese.

Sjå framføringa her: «Du er så fin du»

Linn Isabel Eielsen saman med Markus Aarøy Vikse på scena. Markus er også ein av karakterane i L-innsikt.
Foto: Erik Meling

Teikninga og musikken til Eielsen går meir og meir over til å bli noko ho får betalt for, ein jobb, og er ikkje lenger noko ho berre gjer for seg sjølv. Men om det blir for mykje jobbfokus har ho planen klar:

– Då skal eg byte namn på jobbmappa til «gøy».

Fleire teikneseriestriper frå L-innsikt finn du på Facebook og Instagram