Rektorar meiner russekulturen fører til utestenging

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Elevar som frå før føler seg utestengde og ikkje inkluderte i det daglege, føler seg ekstra utanfor i russetida. Det er veldig sårt å vere den som ikkje blir invitert til å vere med på russebuss eller sosiale samankomstar, seier forbundsleiar Stig Johannesen.

Les intervju med russepresidenten for Oslo og Akershus: – Russen er på mange måtar mykje betre no enn før

Høg ressursbruk

71 rektorar i vidaregåande skule har svart på undersøkinga frå Skuleleiarforbundet. 54 prosent svarar at dei opplever at russekulturen fører til utestenging.

Johannesen meiner det er bekymringsfullt at rektorane opplever at russetida har negativ effekt på inkluderingsarbeidet.

Éi forklaring kan vere at pengebruken blant enkelte i russetida er svært høg, men forbundsleiaren meiner likevel at det ikkje berre er ressursbruken som kan skape utanforskap i russetida.

Godt samarbeid med russ og politi

I undersøkinga kjem det òg fram at dei aller fleste rektorane meiner at samarbeidet med russen fungerer godt, og at dei meiner at russekulturen i lita grad påverkar arbeidet til skulen mot trakassering og vald.

Politiet inviterer alle ungdomsforeldre i landet til eit møte på Facebook-sida si torsdag kveld. Foto: Politiet/Facebook

Rektorane er òg fornøgd med samarbeidet med politiet og andre støttetenester i samband med avviklinga av russetida, ifølgje undersøkinga.

Tidlegare i år inviterte politiet til Noregs største foreldremøte – på Facebook.

Les også om Raud Ungdom, som har sett seg lei av sexisme i russetida. Dei har rekruttert fleire hundre feministruss i år.

– Målet er å endre russetida og kulturen til å bli ei inkluderande feiring og fest utan alt det kjipe, sa feministisk ansvarleg i Raud Ungdom, Mira Stokke, til Framtida.no i mars. Foto: Raud Ungdom