Politiet inviterer til russeforeldremøte på Facebook

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Politiet har dessverre ikkje moglegheit til å nå ut til alle skular og foreldre fysisk. Vi ønsker derfor å invitere til Noregs største foreldremøte i form av eit livestreama møte på Facebook, seier seksjonsleiar Kristin Elnæs i Politidirektoratet.

Under det digitale møtet skal politiet prate om korleis foreldra bør kommunisere med barna sine i forkant av russetida og om kva dei må vere merksame på. Politiet vil òg by på råd om mat, drikke, transport og påklednad. Faren for overdriven rusbruk, vald og valdtekt vil bli òg bli eit tema.

I fjor vart det meldt frå om 13 valdtekter i samband med russetida, men Kripos fryktar mørketal. 

– Vi håper at foreldre som i år har russ i huset, deltar for å få gode tips og råd frå politiet. Ein god dialog med foreldra er avgjerande for det førebyggjande arbeidde politiet gjer opp mot barn og ungdom, seier Elnæs.

Møtet blir strøymt på Facebook-sida Politiet i Noreg 11. april klokka 19.30 og varer i rundt 15 minutt. Politiet oppfordrar foreldra til å sende inn spørsmål i forkant av møtet. Dei kan sendast inn gjennom kommentarfeltet på arrangementet på Facebook.

Les også om Raud Ungdom som er lei sexisme i russefeiringa – lanserer feministruss:

– Eg trur knute nummer sju som handlar om å droppe bh’en ein heil dag blir enkel, fordi eg som oftest ikkje brukar bh. Og så likar eg nummer ein om å leggje ut bind og tampong på do, seier feministruss Paula Lorentzen (18). Foto: Privat