Russepresidenten: – Russen er på mange måtar mykje betre no enn før

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Faktum er at russen på veldig mange måtar er mykje betre no enn før. Vi drikk mindre, det er mindre alvorleg kriminalitet, mindre ulukker og vi er betre på skulen enn tidlegare russ, skriv Oscar Christopher Husebye i ein e-post til Framtida.no.

18-åringen er russepresident for Oslo og Akershus. Sidan russen ikkje har noko hovudstyre for heile landet betyr det at Husebye er talsperson for den største russegruppa i 2019.

NRK P3 har døypt årets russekull til «Streiting-russen 2019» på grunn av dei snille russeknutane.

Både russen i Oslo og Akershus og i Bergen har presisert at alle russeknutar som inneheld drikking kan gjennomførast med alkoholfri drikke.

Les også om feministrussen og deira alternative russeknutar her!

– Eg trur knute nummer sju som handlar om å droppe bh’en ein heil dag blir enkel, fordi eg som oftest ikkje brukar bh. Og så likar eg nummer ein om å leggje ut bind og tampong på do, seier feministruss Paula Lorentzen (18). Foto: Privat

Søppelpose og bomullsdott i lua

Andre snille russeknutar inkluderer: å vere på skulen kvar dag i russetida (linjal), å stryke på «NEI er NEI»-merket frå Amnesty på russedressen (Amnesty-logo), å alltid bruke øyreproppar på rulling og russetreff (propp i lua) og å teste seg for seksuelt overførbare sjukdommar (Sex og Samfunn-strykemerke).

PR-ansvarleg i russens hovudstyre i Oslo og Akershus, Iselin Olafsen, fortel at dei med årets knutar ønska å setje fokus på miljø og samfunnsengasjement.

Nytt av året er mellom anna at dei får ein bit av ein søppelpose i lua for å kaste alt dei ser av søppel ein heil dag.

Russepresident Husebye fortel at han vil prioritera å ta dei hyggelege knutane.

Allereie i januar tok han knute nummer 1, som er å ta vaksine mot hjernehinnebetennelse. For det fekk han ein bomullsdott i russelua.

Etter Oslo er Rogaland fylket med flest tilfelle av meningokokkinfeksjonar dei siste 20 åra. No blir russen tilbodne gratisvaksine.

Russepresident Oscar Christopher Husebye. Foto: Privat

Ikkje bading og poledance

Husebye fortel at det er mange knutar han ikkje kjem til å ta, av ulike grunnar.

– Ispinne-knuten om å bade før 1. mai rakk eg ikkje å ta, og knutar som monopolsetel (å ha ein fem minutters poledance på eit kollektivt transportmiddel i rushen) trur eg ikkje eg skal ta. Eg trur eg blir litt for flau då, skriv russepresidenten.

I russeknutane kan ein òg sjå eit tydeleg fokus på sikker sex og samtykke, noko PR-ansvarleg Iselin Olafsen meiner er viktig.

– Vidare har vi presisert at det skal ikkje dokumenterast nokre seksuelle knutar. Dette har vore viktig for oss sidan vi har ein eigen russeknute om å dele at du har gjort knutar, understrekar ho.

Les også: Kripos med varsku om valdtekter før russetida

Under #knutene2019 kan ein sjå at mange av dei klassiske russeknutane held stand:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Se opp for fartskontroll på Raveien ? #knutene2019

Et innlegg delt av Lauritz Bjørnerud (@lauritz.bjornerud)