Kravet frå MDG-sjefen: Også kommunane må kutte klimautslepp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noreg har ikkje ein truverdig plan for klimapolitikken viss vi ikkje òg stiller krav til kommunane. Alle utsleppa er til sjuande og sist i ein kommune, seier Bastholm til NTB.

I forkant av landsmøtet til partiet 24.–26. mai har ho, saman med blant andre Oslos miljøbyråd Lan Marie Berg, forfatta ein omfattande resolusjon om klimaansvaret til kommunane.

– I dei kommunane vi er med på å styre, ser vi at det er mange barrierar som regjeringa må ta ansvaret for. Kommunar som ønsker å kutte utslepp, får det ikkje til på grunn av dumme og gammaldagse reguleringar, seier Bastholm.

Ho nemner klimakrav i bustadbygging, moglegheit til å opprette nullutsleppbydelar og lågutsleppssoner og regulering av cruisetrafikk som døme på område kor fleire kommunar har ønskt strengare klimakrav enn det er rom for i dag.

Les om kommuneundersøkinga til Framtida.no som syner at det er store forskjellar i klimamåla: – Kanskje er me velsigna med meir ansvarlege politikarar i byane enn på Stortinget.

– Tørre å gjere det lønnsamt

Forslaget frå MDG-toppane, som no er på høyring i partiet, omfattar kommunal klimapolitikk:

  •  Stille krav til klimakutt i kommunane, som i dag ikkje har slike krav. Skjerpe det nasjonale kravet til 60 prosent kutt innan 2030 og krevje at kommunane bidrar med eige klimabudsjett, klimastrategi, vurdering av klimarisiko og fjerne alle eigne fossile utslepp innan 2025.
  •  Utvide autoriteten kommunane har til å kutte utslepp ved å gjennomgå statleg regelverk.
  • Meir pengar til klimakutt i kommunane – utvida klimasatsordning, fleire rådgivarar og påskjønning til føregangskommunar. Vektlegge ambisjonen og potensialet til kommunane for klimakutt i fordelinga av inntekter og rammetilskot mellom kommunane.
  • Gjere offentlege innkjøp klimasmarte – endre innkjøpsforskrifta og lage nasjonal strategi for innkjøp.

– Vi bør tore å gjere det lønnsamt å setje i verk klimatiltak og vise ambisjonar og potensial for klimakutt. Påskjøningsordninga vil vere for dei som er føregangskommunar, seier Bastholm.

Les også: Miljø skal som hovudregel vektast minst 30 prosent i offentlege anbod. Berre éin av fem kommunar set dette kravet

Kopiere Oslo-oppskrift

MDG sit med ei hand på rattet i fleire norske byar, og Oslo har vorte utstillingsvindauget til partiet. Bebuarparkering, fjerning av parkeringsplassar i sentrum for å gi plass til nye sykkelvegar og ein kraftig auke i mengde bomstasjonar er nokre av tiltaka som ikkje berre vekker begeistring. Det gjer derimot satsinga på kollektivtilbodet.

Bastholm skriv i forslaget at MDG går til val i 2019 på å «kopiere suksessoppskrifta frå Oslo i byer og kommunar over hele landet, tilpasset lokale behov».

Ifølgje MDG-toppen handlar dette meir om å sørgje for klimarapportering i den politiske styringa, som Oslo har innført, snarare enn å kopiere dei konkrete tiltaka i hovudstaden.

Bastholm tilbakeviser at MDG er eit distriktsfiendtleg byparti:

– Sidan Oslo får ei breiare dekning, har det heilt sidan 2015 vore påstandar om at vi er eit byparti. Vi veit med oss sjølve at vi ikkje er det, og vi har størst oppslutning i mange av distriktskommunane.

Kommunane kan bidra ved å kutte direkte utslepp frå vegtrafikk, fossil oppvarming, avfall og jordbruk innan eigne grenser, og ved å stille klimakrav og endre forbruk som bidrar til kutt utanfor kommunen, ifølgje Bastholms forslag.

Les også reportasjen frå Arendal, der dei har sykkelgodtgjersle og elbilar for kommunalt tilsette: – Me skal bli den første klimanøytrale kommunen i Norge!

Foto: Ida Johanne Aadland