Manar til ny skulestreik: – Politikarane har ikkje forstått alvoret

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 15.04.2019 10:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 22. mars samla over 40.000 barn og unge seg til skulestreik for klimaet på 70 ulike stader landet over.

Sjå Framtida.no sine bilete frå streiken her!

Streiken var ein del av den internasjonale streikerørsla #fridaysforfuture, som vart sett i gang av svenske Greta Thunberg.

Skuffa over oppfølginga

Leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord leverte dei streikande elevane sine krav til regjeringa, men organisasjonane er skuffa over oppfølginga.

Fleire barne- og ungdomsorganisasjoner, mellom anna KFUK-KFUM Global, Natur og Ungdom, Changemaker og enkeltpersoner i Miljøagentene, samt Grøn Ungdom har difor teke initiativ til ein ny storstreik fredag 24.mai.

I ei pressemelding skriv dei at politikarane tydelegvis ikkje har forstått alvoret.

«Me krev handling og ein meir ambisiøs og solidarisk klimapolitikk. Politikarane sine svar er nærast ein hets av streiken – dei tek verken oss eller framtida vår på alvor,» heiter det i pressemeldinga.

Les også: Kongen om skulestreiken: – Det er deira verd dei snakkar om

Skuffa over utviklingsministeren

Miljøagent Tina Razafimandimby Våje (15) er blant initiativtakarane som er skuffa over regjeringa.

– Me har eit historisk ansvar ovanfor alle dei som råkast, men som ikkje har bidrege så mykje som oss til å skape problemet, seier ho i pressemeldinga.

Nestleiar i Changemaker, Mari Hasle Einang, var ungdomsdelegat til klimaforhandlingene i Katowice i Polen. Foto: Jarand Ullestad/LNU.

Nestleiar i Changemaker Mari Hasle Einang (23) var blant dei som fekk møta utviklingsminister Dag-Inge Ulstein i etterkant av skulestreiken.

– I kommunikasjonen med oss var han veldig støttande og open for å finne ut kva han kan gjere, men i sitt offisielle svar til Dagbladet sa han berre det same gamle. Det føltes som han brukte oss for å kome i media med politikken, som er basically den same, seier Hasle Einang til Framtida.no.

Ho er frustrert over politikarane ikkje reagerer meir og prøvar å endre kurs.

– Det er me vant til, så det er inga overrasking, legg ho til.

Her får klima- og miljøminister Ola Elvestuen krava frå Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord:

https://www.youtube.com/watch?v=ODcALEH68RI

Frist til 24. mai

I samband med den nye klimastreiken gjev ungdommane politikarane ein frist til 24. mai, for å innføre tiltaka frå førre streik.

Krava frå ungdommane er fremja som eit representantforslag på Stortinget frå ei gruppe SV-politikarar.

Krava til dei streikande 24. mai er som følgjer:

  • Minst 53% innanlands utsleppskutt innan 2030 basert på 1990-nivå.
  • Minst 65 milliardar i klimafinansiering i året.
  • Ingen fleire leitelisensar for oljeverksemd.

Les også: Knausgård og Gaarder støttar skulestreiken og tilsluttar seg Extinction Rebellion

– Me kjem ikkje til å gje oss

Hasle Einang er overtydd om at klimaengasjementet som vart starta av Greta Thunberg ikkje er dabba av enno.

– Me vil visa at klimastreiken ikkje var ei enkelthending, men botnar i eit engasjement som stikk djupare. Me krev handling, noko politikarane ikkje har gjort. Svara me har fått har vore dei same gamle, men me kjem ikkje til å gje oss.

Les innlegget: Gjev klimastreikande ungdom røysterett!

Om politikarane faktisk tar ungdomen på alvor, bør dei gje dei røysterett, meiner sentralstyremedlem i Unge Venstre, Ane Breivik, og leiar i Vestland Unge Venstre Ole Martini. Foto: Andrea Rygg Nøttveit/Privat