14-åringar tok metoo-utfordringar i skulen til Stortinget

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjortenåringane Ella Fyhn, Ellisiv Aure og Ea Baklund frå Oslo har klart å setje dagsorden dei siste dagane med innlegget «Billig» og «pulbar» – #metoo kom aldri til skolegården i Aftenpostens Si ;D-spalte.

I innlegget skildrar dei omfattande seksuell trakassering av jenter i skulen og ein utstrekt bruk av kvinnekrenkande uttrykk som mellom anna «hore», «fitte» og «slut».

Onsdag vart kronikken tema på Stortinget, då SVs representant Mona Fagerås utfordra kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) om metoo i skulen. På galleriet følgde dei tre jentene spent med, og i vandrehallen etterpå vart dei omringa av pressefolk som ønskte å intervjue dei, og politikarar med stortingspresident Tone Trøen (H) i front, som ønskte å hylle dei.

– Så flinke de er! Dette kjem til å endre haldningar hos folk. Dette er verkeleg bra, sa Trøen til jentene.

Les også om ungdomane som laga eit teaterstykke om grensesetting og gråsoner: – Når grenser blir trødd over så er det tabu.

– Må ikkje berre bli eit bluss

– Det er heilt fantastisk og har gått over alle forventningar, seier dei tre niandeklassingane til NTB om den store merksemda innlegget har fått.

Jentene har i etterkant vorte invitert til møte hos Likestillingsombodet og utdanningskomiteen på Stortinget. Dei skal òg halde tale under 8. mars-markeringa i Oslo fredag, der dei skal gå under parolen «Jeg går på skole, ikke kall meg hore – Stopp sexismen i skolegården», som er valt til ein av hovudparolane i år.

– No håpar vi ikkje dette berre blir eit bluss, men at dette skal vere ei viktig sak som blir halden på i mange år framover, understrekar Ea Baklund.

Fjortenåringene Ella Fyhn (t.v) Ellisiv Aure (midten) og Ea Baklund under besøket på Stortinget. Jentene sat på galleriet då stortingsrepresentant Mona Fagerås tok opp temaet under spørretimen. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Les også saka om at studentar veit for lite om korleis dei varslar: – Det er skremmande at så få veit kor dei skal vende seg for å melde frå om seksuell trakassering.

Fysisk og psykisk trakassering

Jentene fortel at det føregår både omfattande fysisk og psykisk seksuell trakassering i skuletida: Gutar som stikk fingrane sine mellom puppane til jenter for å «kjenne kor djup kløfta er», som tar jenter i skrittet og på rumpa, og dessutan dagleg bruk av sexistiske ord og uttrykk mot jentene.

– Det er nok mange som ikkje eigentleg meiner noko vondt med det, men fordi det har vorte så normalisert å bruke kvinnefiendtlege ord, så tenker dei ikkje på det, seier Ellisiv Aure.

Dei fortel òg om lærarar som bagatelliserer opplevingane til jenter av seksuell trakassering med kommentarar som «han meinte det sikkert ikkje» og «han er sikkert forelska i deg».

– Vi synest det er litt merkeleg at det er lettare å nå ut til Stortinget med dette enn til lærarane, seier Ella Fyhn.

Les også: Vil ha betre seksualundervisning etter #metoo

Fleire tiltak

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H) seier det vert jobba både med lovverk og haldningar. Foto: Marte Garmann, Regjeringen.no

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner roste jentene frå talarstolen for å vere modige nok til å seie tydeleg ifrå.

Sanner seier problemet blir jobba med frå fleire hald: Eit nytt lovverk med nulltoleranse for trakassering i skulen er innført, og haldningar, verdiar, grensesetting og kjønn skal tydelegare inn i skulen i samband med fagfornyinga. Kompetansen til lærarane på seksuell trakassering skal òg aukast, og temaet skal inn som eit eige spørsmål i dei årlege elevundersøkingane.

Dei tre jentene seier mange av tiltaka til regjeringa er gode, men meiner meir må til.

– Kunnskap om sexisme, kjønn og makt i skulen må inn i lærarutdanningane, og vi meiner temaet må takast opp mykje, mykje tidlegare i skulen enn det blir i dag gjort. Det bør i alle fall inn i 3.–4. klasse, det var då det starta for oss, seier dei.

SVs Mona Fagerås seier ho kunne ønskt at kunnskapsministeren hadde vore endå tydelegare om korleis kompetansen til læraren på feltet skal løftast.

– Eg er redd for at det blir litt tilfeldig frå skule til skule korleis dette blir handtert, seier ho til NTB.

Les også om korleis Uke 6-kampanjen vil bidra til betre seksualitetsundervisning: – Det er trist å høyre at det framleis er lærarar som kvir seg for å skulle snakke med elevane om temaet:

Rådgjevar ved likestillingssenteret, Carina Carlsen, samanliknar mykje av seksualundervisninga med det ho kallar «tante på russebuss». Foto: Nareas Sae-Khow