Elevar i Rogaland får mobbeknapp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik ser meldeknappen ut på nettsidene til Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane.

Mobbeknappen som er utvikla i Nordland, er allereie innført mellom anna i Nordland og Sogn og Fjordane.

Ved hjelp av knappen kan elevar, foreldre og føresette varsla om at elev ikkje har det bra. Meldesystemet gjer at skulen lettare kan få vita om mobbing og setja inn tiltak.

Det er fylkestinget i Rogaland fylkeskommune som har vedteke at vidaregåande skular i Rogaland skal få ein mobbeknapp på nettsidene sine, fortel NRK.

Les også: Skulen gjer ikkje nok i fire av fem mobbesaker

Dobbelt så mange saker

I sakspapira blir det mellom anna vist til at nesten 600 elevar i vidaregåande skular i Rogaland i skuleåret 2017/2018 opplyste at dei blei mobba to til tre gonger i månaden eller oftare. Elevundersøkinga for 2018/2019 viser at dette talet er redusert til 452. Samtidig opplyser Mobbeombodet at talet på saker som er meldt inn det siste året meir enn dobla.

– Dette kan tyda på at det framleis er ein terskel for elevar for å melde saker til skulane, heiter det.

Med mobbeknappen vil elevane få ein ny kanal å seia frå. I innstillinga frå fylkesrådmannen er målet at det digitale meldesystemet skal vera på plass til skulestart til hausten.

Har du lese denne? – Når folk skrur av hjula på stolen min, berre på pur faen, då er det noko som ikkje stemmer, fortel Sofie Jansen (22).

Sofie Jansen (22) måtte vente lenge på å kjenne seg verdsett. Foto: CP-Foreningen/Margaretha Nicolaysen