Då eg var 20: Frank Kjosås var pizzabod og leita etter kva han skulle bli

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frank Kjosås har dei siste to åra hausta applaus for si rolle som mormonske Kevin Price som vert sendt til Uganda for å misjonere i musikalen «The Book of Mormon». Suksessframsyninga skal ha ein stor del av æra for at Det Norske Teatret i 2018 kunne skilte med historisk gode besøkstal.

Kjosås debuterte også i fjor haust som regissør i teaterstykket «l.i.f.e.g.o.e.s.o.n» på same teater.

Kvardagen for Kjosås som 37-åring er med andre ord ein heilt annan enn kvardagen som 20-åring.

Kor var du då du var 20?

Då hadde eg akkurat flytta til Oslo.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Oi. Eg leita etter skular å søke på. Leita etter kva eg ville bli. Ellers jobba eg som pizzabod på Peppes Tåsen.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Dette året var det jo berre World Trade Center-hendinga som stod i fokus. Det er det eg hugsar best.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg las ein del bøker i den perioden, men det eg hugsar best er at ein kompis og eg låna mengder av manus og las dei, hadde tankar om regi og laga litt radioteater i ny og ne.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei, det kan eg ikkje påstå.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Oi. Det må vere World Trade Center og at eg søkte på KHiO trur eg. Eller var det 21?

Visste du kva du skulle bli i livet?

Advokat. Fram til eg skulle bli skodespelar.

Sjå Kjosås spreie ordet frå Mormons bok som Kevin Price:

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg tenkte at det var nytt, stort og annleis.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg ville tenkt: Skitt! Eg har fått til reise i tid!

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Lille pjokk! Ta patent på denne ideen!