Historisk gode besøkstal for Det Norske Teatret

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teatersjef Erik Ulfsby kan jubla for rekordhøge besøkstal ved Det norske teatret i 2018. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

– Det er ein rekord vi for få år sidan trudde ville vere heilt urealistisk. Det som gler oss aller mest, er at det høge besøket kjem i ein periode der vi òg satsar kunstnarleg utfordrande på alle våre scener, seier teatersjef Erik Ulfsby i ei pressemelding.

Noko av årsaka til dei gode besøkstala er sjølvsagt suksessframsyninga «The Book of Mormon», som stod på plakaten gjennom heile 2018.

Likevel fann så mange som 200.000 publikummarar vegen til andre framsyningar ved teateret.

Les også: Musikalen «Lazarus» er vårens storsatsing på Det Norske Teatret

Store personalkostnadar og vedlikehald

Det auka publikumsbesøket gav òg rekordhøge billettinntekter på 65 millionar kroner.

Samla eigeninntekter på 79,5 millionar kroner var likevel ikkje nok til å gi plussresultat i rekneskapen. Årsresultatet var på minus 2,8 millionar kroner etter skatt.

Det er særleg store personalkostnader som slår ut, opplyser teateret, men det har òg vore auka utgifter til drift og vedlikehald av huset med høge energiprisar og stigande investeringsbehov.

Talet på tekniske og administrative årsverk var det same som året før, mens talet på kunstnarlege årsverk i 2018 var auka med 22 sidan 2016.

Kva kan du om Hulda Garborg, som var ein av grunnleggjarane av Det norske teatret? Test deg sjølv her!

Stolt styreleiar

Styreleiar Nina Refseth er svært godt fornøgd med året som gjekk.

– Vi er stolte av å kunne konstatere at suksessen ved teateret bidrar til at fleire kunstnarar har fått arbeid, og at publikum har fått eit større mangfald av opplevingar å velje i, seier Refseth.

Teateret avvikla elles like mange framsyningar i 2018 som åra før, unntatt på Scene 3, der talet var noko lågare. Talet på nye produksjonar var jamt høgt, og halvparten av dei var urpremierar, ti i talet. Teateret hadde fem premierar på Hovudscenen, mellom anna «Peer Gynt» med Toralv Maurstad (92) i hovudrolla som ein aldrande Peer.