Dobbeltdebut for Larsen og Kjosås

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mens «Heimebane»-skodespelar Rolf Kristian Larsen debuterer som dramatikar og har skrive manus til «l.i.f.e.g.o.e.s.o.n», er framsyninga samtidig Kjosås sin debut som regissør.

Handlinga kretsar rundt byråkraten kalla Brille, gitt liv av Heidi Gjermundsen Broch. Brille får beskjed om at ho ikkje har lenge igjen å leve – og går på bar. Då kjem alt som har demt seg opp i den grå enka som har levd for jobben i mange år, ut i fri flyt. Ifølgje Det Norske Teatret blir det «ganske ekstremt, ganske komisk, men også sårt».

Les også: Siri (26) overlevde Utøya, Faten (23) var radikalisert. No står dei saman på teaterscena

Ein vekkar

Regissør Frank Kjosås seier i pressemeldinga at han håpar publikum vil få ein slags vekkjer om korleis dei lever liva sine.

– Samtidig er det ein slags naivistisk hyllest til livet, seier Kjosås, mens dramatikar Rolf Kristian Larsen fastslår:

– Vi må rekke å leve før vi døyr.

Urpremieren er 25. oktober på Scene 3 på Det Norske Teatret.

Les også: Frank Kjosås i totalitært kvinneunivers