Den i dag kjende programleiaren la draumen om Premier League på hylla, og livet tok ei ny vending.

Einar Nygaard
Publisert

– Eg hadde fest i studentkollektivet med halve Volda til stades. Og så hugsar eg at mamma og pappa skulle overraske meg med ein visitt, men blei stoppa av eit steinras før Volda. Men kaka klarte dei å sende med ei ferje eller noko.

Det minnest Erik Solbakken om bursdagen for litt over 21 år sidan, då han blei 20 år.

41-åringen frå Hemsedal er i dag aktuell som programleiar for «Bordtenniskameratene» og «Vi skal til VM», men blei fyrst kjend som programleiar i barne-TV.

Tjue år i NRK

Berre nokre år før lanseringa av NRK Super, kanalen som verkeleg fekk fart på karrieren til Solbakken, fekk han sommarjobb i barne-TV.

– Som blei til haustjobb … Og vidare jobb i NRK i tjue år, seier Solbakken.

Den fyrste arbeidsdagen i NRKs lokale på Marienlyst er noko av det han hugsar best.

Erik Solbakken er aktuell med programmet «Vi skal til VM» på NRK. | Foto: Montreux, NRK

– Det var stort, litt skummelt og frykteleg spennande.

Ville droppa hockey

Året han begynte i NRK, gjekk han i tronge, svarte bukser og Converse-sko, og høyrde på Arctic Monkeys og The Strokes.

Erik Solbakken ville råda seg sjølv til å styre unna hockeysveis. Han blei 20 år i november 2004. | Foto: Anne Liv Ekroll, NRK

Hadde han møtt seg sjølv no, ville han tenkt: «Har han verkeleg hockeysveis og prøver på eit tredagarsskjegg? Det ville eg sløyfa om eg var han».

– Eg har droppa buksene og skoa no, men The Strokes høyrer eg på framleis, seier Solbakken.

Elles minnest han å ha lese krimbøkene til Dan Brown og Stieg Larsson.

Da Vinci-koden og Menn som hater kvinner hugsar eg at eg slukte rått.

Ei ny vending

Den nye kvardagen i barne-TV var annleis enn det Solbakken fyrst såg for seg at journalistkarrieren skulle bli.

– I Volda såg eg vel for meg meg sjølv som ein seriøs nyheitsjournalist … og då eg begynte i barne-TV, tenkte eg at «jøss, der tok livet ei ny vending».

Året han blei 20, var eit kontrastfylt år, seier Solbakken.

– Frå det bekymringslause studentlivet i Volda til meir forpliktingar frå ni til fire på NRK.

– Men felles for begge var at eg hadde ein god del skapartrong, med studentradio, studentavis og revy i Volda … og manus og TV-jobbing på NRK.

La draumen om Premier League daud

Det var heller ikkje slik at alt måtte vere på stell med ein gong. Sidan kontraktane i NRK var så korte, stod Solbakken litt friare.

– Heldigvis. Det er eg glad for no, at eg levde i noet, og ikkje la dei altfor store planane for framtida, seier han.

Men sjølv om han ikkje visste heilt korleis livet skulle bli, var det nokre ting som var klare.

– Eg hadde i alle fall lagt draumen om ein proffkarriere i Premier League daud, og kjende at eg var på riktig spor i barne-TV, utan å leggje dei store planane for resten av livet.

Programleiaren hadde nettopp blitt saman med «ei frykteleg pen dame frå Ålesund», som no er kona hans.

– Så ho, og familien min i Hemsedal, var viktigast då og no.

Erik Solbakken gjekk rett inn i Barne-TV etter Høgskulen i Volda. | Foto: Anne Liv Ekroll, NRK

Omgi deg med folk du likar

Frå året han blei 20, hugsar Solbakken at George Bush var president i USA og at han nok ikkje var hans største fan. Og at YouTube kom, som var ei stor gåvepakke for ein tjueåring.

– Som 20-åring var eg nok ganske så fryktlaus, sjølv om det er litt harry å seie. Men med godt utvikla fantasi var eg vel ikkje spesielt glad i Oslos mørkaste loft, som var bygarden eg flytta til. Der har det heldigvis roa seg litt ned med åra.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Prøv å omgåast mest mogleg med menneske som er positive, snille og som gir deg god energi, både på jobb og privat. At draumar og mål kan vere fint, men at det stort sett handlar om å henge med folk ein likar på vegen.