Alle ungdomspartileiarene er feministar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I forkant av den internasjonale kvinnedagen 8. mars tok Framtida.no ein ringjerunde til alle ungdomspartileiarane for å spørja om dei kallar seg feministar, kva som er årets viktigaste sak, om dei skal gå i tog og kva parole dei ville gått under.

Kva er di parole? Er det kanskje «Eg vil ikkje føde for Erna» eller «Stopp menneskehandel»? Stem her!

Ada Johanna Arnstad – Senterungdomen

– Eg har ikkje sansen for dei som går under sjølvbestemt abort til veke 18 for eg synest dagens abortlovgjevnad er eit godt kompromiss, seier Ada Arnstad. 

Leiaren i Senterungdommen har ikkje høve til å gå i år, men ville gått under ein av parolane som gjeld arbeidsliv eller representasjon og leiing.

Ho har kalla seg feminist sidan ho var 11 år gammal og kjøpte si første bok om feminisme.

Senterungdomsleiaren meiner Noreg har kome langt, men at me framleis ikkje har kome dit at vi er likestilt.

– Dei tiltaka vi treng, er at vi treng kontrollmekanismar som sørgjer for nok kvinneleg representasjon i styrer og liknande. At alle kan velje ein jobb og karriereveg som dei har lyst til, at dei ikkje skal verte begrensa av fordommar i samfunnet.

Ada Johanna Arnstad, leiar i Senterungdommen, meiner folk flest bør støtte opp om den fornuftige debatten. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Sondre Handsmark – Unge Venstre

 Unge Venstre støttar under parolane på kvinnedagen – spesielt dei som er mot innstrammingar rundt abortrettar, seier Sondre Hansmark.

Sjølv er han ikkje sikker på om det vert tid til tog, sidan årets landsmøte i Venstre er lagt til 8. mars.

Unge Venstre-leiaren stadfestar at han kallar seg feminist, men legg til:

 Vi likar gjerne å kalle oss liberale feministar. Det betyr i utgangspunktet at det er enkeltindividet som er byggesteinar i samfunnet, ikkje grupper, og så ser vi samstundes at kvinner har ein del utfordringar og hinder som menn ikkje har.

– Det må vere prestasjonar som avgjer og ikkje kjønn, seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark. Foto: Unge Venstre

Han peikar mellom anna på at det er færre kvinner i politikken og næringslivet. Sjølv om vi i dag har tidenes mest likestilte Storting, med 69 kvinner og 100 menn, er det framleis er eit stykke att.

Hansmark sjølv poengterer at dei også i Venstre har ei utfordring med å løfte fram kvinner: 

– I stortingsgruppa vår er det sju menn og ei kvinne – så vi også har ein veg å gå. Vi lyt normalisere det å vere kvinne med mykje makt, for det er framleis mange som reagerer negativt på det.

Men slike haldningar vil Unge Venstre-leiaren til livs. Han meiner difor årets viktigaste sak er kampen mot trakassering og hets.

 Kvinner får mykje meir hets enn menn. Det finst folk der ute som tolerer veldig dårleg at kvinner set i maktposisjonar. Det skremmer folk frå å delta, om dei risikerer så mykje hets og trakassering. Det har vorte eit demokratisk problem, og det er det vert å setje fokus på.

Tobias Drevland Lund – Raud Ungdom

– Eg skal gå i tog. Eg skal delta i Porsgrunn og parola der er «Kvinnens kropp – kvinnens valg», seier Tobias Drevland Lund. 

Han er feminist  og stolt av det.

– Den viktigaste saka i Noreg er absolutt å verne om og forbetre abortlova. Det er også det 8. mars arrangement over heile landet vitnar om. Men også forsterdiagnostikk og testar, at det skal vere mogeleg med tidleg ultralyd i offentleg regi. Ikkje at kvinner må ty til det private og ut med mykje pengar.

Raud ungdom vil vi ha sjølvbestemt fri abort til veke 22 og bli kvitt nemndene.

– Vi kunne latt kvinner få bestemme sjølv. Det skal primært vere kvinna sitt val og ikkje Kjell Ingolf Ropstad eller KrF, slår Drevland Lund fast.

 

Raud Ungdom-leiar Tobias Drevland Lund er mest opptatt av abortsaka på kvinnedagen 2019. Foto: Beate Haugtrø

Ina Rangønes Libak – Arbeidarpartiets Ungdomsfylking

– Eg tenker eg vil gå mot innskrenking i abortlova. Ein ting er innskrenkinga, det er alvorleg, men det er også alvorleg med tanke på dei rettane vi kunne fått, men no ikkje får på grunn av KrF, seier Ina Rangønes Libak. 

AUF-leiaren treng ikkje tenketid når ho får spørsmål om ho kallar seg feminist:

– Ja, kjem det kontant frå andre enden av telefonlinja.

AUF-leiar Ina Rangønes Libak skal gå i tog. Foto: AUF

Rangønes Libak skal sjølv gå i tog i Sandefjord under ei parole mot innskrenkinga i abortlova. Ho meiner årets viktigaste likestillingssak er den same som den alltid har vore:

– At kvinner skal ha rett til å bestemme over eigen økonomi, eigedom, kropp og ha tilgang til makta.

AUF-leiaren fortel at endå forma til utfordringane har endra seg tidlegare fekk ikkje kvinner kontrollere sin eigen økonomi, no vert mange tvinga til ufrivillig deltid – så er kjerneproblemet det same. For å overkomme desse hindera ein gong for alle, så lyt det handlekraft til. Ein kan ikkje berre sjå Netflix og vente, seier Rangønes Libak, og legg til:

– Ein veit kva som skal til. Ein må berre gidde brette opp ermene og gjere det politisk.

Andreas Sjalg Unneland – Sosialistisk Ungdom

– Me har framleis ein veg å gå før det er likestilling i Noreg og resten og verda. Med desse utfordringane kan eg ikkje anna enn å kalle meg feminist, seier Andreas Sjalg Unneland frå Sosialistisk Ungdom. 

SU-leiaren er heller ikkje særleg i tvil om kva den viktigaste saka i 2019 er:

– Regjeringa sitt angrep på retten til sjølvbestemt abort. Dette er første gong på 40 år ein gjer endringar i lova. Det viser eit vegskifte i korleis ein ser på retten til abort der ein seier at det er politikarane og ikkje kvinna sjølv som er best eigna til å ta avgjerda.

Sjalg Unneland fortel at han difor også er ein sjølvsagt deltakar i 8. mars-toget i Oslo, under parolen «Forsvar retten til sjølvbestemt abort». 

Men me vil ikkje berre forsvara retten til sjølvbestemt abort, me vil òg fjerne abortnemndene og utvide retten til sjølvbestemt abort, seier Unneland, som trur oppslutninga i år kan verte enda større enn då reservasjonsrettdebatten herja i 2014.

Foto: Beate Haugtrø

Hulda Holtvedt  Grøn Ungdom

Når Framtida.no snakkar med Hulda Holtvedt tysdag har ho og resten av partiet enno ikkje bestemt seg for kva parole dei skal gå under:

– Men eg veit kva eg ikkje skal gå under: «Kvinner mot EØS». Eg synest det er ein merkeleg vri på kvinnekampen å få det til å handla om alt venstresida er imot, svarar Holtvedt.

Seinare sender ho ei melding om at  Grøn Ungdom har blitt einige om å gå under «Klimakamp er kvinnekamp».

Hulda Holtvedt er Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Grøn Ungdom

Hulda Holtvedt er nasjonal talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Grøn Ungdom

Det Holtvedt derimot svarar på med det same, er om ho kallar seg feminist:

– Ja, det gjer eg. Fordi kvinner har blitt systematisk undertrykka gjennom historia. Likestilling handlar om å jamne ut forskjellar mellom kvinner og menn og bidra til ting som at menn ikkje blir taparar i skulen. Likestilling er for begge kjønn og difor meiner eg at det ikkje er feil å kalla seg feminist, fortel talspersonen for Grøn Ungdom.

Holtvedt fortel at også ho meiner den viktigaste saka i år er abort, og at ho synest det er skummelt at regjeringa er villige til å leggja eit 40 år gamalt kompromiss på forhandlingsbordet:

– No vart det ikkje store endringar denne gongen, men det er skummelt at kristenkonservative får innflyting over kvinners rett til sjølvbestemt abort.

Martine Tønnesen – KrFU

– Eg meiner at både kvinner og menn skal vere likestilte og i det samfunnet me lever i og har levd i betyr det diverre at ein må vere feminist, så eg finn det heilt naturleg å vera det, seier Martine Tønnessen.

Leiaren i KrFU meiner den viktigaste saka i år er kampen mot menneskehandel:

– Det lever over 27 millionar slavar i verda i dag, difor er dette ein veldig viktig kamp å kjempe for KrF og KrFU og ei sak eg meiner Noreg burde teke større eigarskap i internasjonalt.

Martine Tønnessen er leiar i KrFU. Foto: KrFU

Endå KrFU-leiaren ikkje har høve til å gå i tog i år, så veit ho kva parole ho hadde valt å gå under:

– «Jeg går på skole. Ikke kall meg hore – stopp sexismen i skolegården», fordi den kronikken til ungdomsskuleelevane Ea, Ellisiv og Ella var veldig inspirerande å lese, men det er fleire gode faner eg kunne stilt meg bak, understrekar Tønnessen.

KrFU-leiaren kritiserer årets hovudparole, «Forsvar retten til selvbestemt abort – Fjern nemndene!», for å ikkje femna alle kvinner med ulike politiske ståstader, men sidan ho ikkje har delteke på parolemøter meiner Tønnessen at ho ikkje er i ein posisjon til å vere den som roper høgast.

Bjørn-Kristian Svendsrud – FpU

– Eg synest sjølve feminismeomgrepet på mange måtar er øydelagt av venstresida, fortel Fpu-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud. 

Men han er like fullt for full likestilling, og for at enkeltmenneske skal ha like mogelegheiter uavhengig av bakgrunn og kjønn, så han har tilpassa omgrepet:

Eg kallar meg sjølv ein borgarleg kvardagsfeminist. Det å sjå enkeltmenneske er borgarleg, og kvardagsfeminist går på at alle skal ha like mogelegheiter i kvardagen.

Foto: FpU.

For Fpu-leiaren er årets viktigaste sak negativ sosial kontroll og kjønnslemlesting:

– Kvinner som vert hindra av sine eigen familie og omgangskrins frå å vere seg sjølv. Det er saker som eg synest er veldig viktige og som er eit stort inngrep i enkeltkvinner sitt liv, forklarar han.

Sjølv skal Fpu-leiaren feire Kvinnedagen i utlandet, på overraskingstur med mor si, og har difor ikkje høve til å gå i tog. Men dersom han skulle delteke kunne han tenkt seg å gå saman med PION – Sexarbeidernes Interesseorganisasjon.

For Svendsrud meiner Kvinnedagen er rette tidspunktet til å på nytt løfte spørsmålet om sexkjøpslova og hallikparagrafen bør opphevast:

– Majoriteten av sexarbeiderar er kvinner, og dei bør få lov til å gjere det dei gjer lovleg og betale skatt av dette. Sexkjøpslova og hallikparagraf er med på å skape ein utrygg kvardag for mange. 

Sandra Bruflot – Unge Høgre

– Det er alltid mange viktige saker, men eg ville nok gått under parolen «Stopp valdtekt som våpen mot kvinner i krig og konflikt», skriv Sandra Bruflot frå Unge Høgre i ein SMS til Framtida.no. 

Unge Høgre-leiaren er usikker på kor vidt ho rekk å gå i tog i år, men stadfestar at ho kallar seg sjølv feminist.

Eg meiner alle skal ha like sosiale, politiske og økonomiske rettar.

Bruflot løfter også blikket når ho svarer på kva årets viktigaste sak er: 

Om vi skal sjå litt stort på det må det vere å kutte klimagassutslepp raskare. 

Foto: Unge Høgre