– Ungdomen må bli høyrd!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei viktigaste sakene som UPU skal jobbe med det neste året er blant anna fritt skuleval i Vestland fylke fordi vi meiner at eit postnummer ikkje skal bestemme kva skule du skal få gå på, seier Marthe Teigen Refsnes.

Ho er nyvald leiaren av Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, arbeidsorganet til fylkestinget for ungdom. Fylkestinget er det øvste talerøyret til ungdommen i fylket, og på den årlege tingseta deltok ungdom frå ungdomsråd og kommunar i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og politiske ungdomsparti.

Fylkestinget for ungdom vedtok fleire saker.

– Ei anna viktig sak er stemmerett for 16-åringar for å styrke lokaldemokratiet og skape meir mangfald i by- og kommunestyra, fortel Refsnes.

Les også om ungdomen som skal sørge for at lokalvalet også tek omsyn til barna: – Sjølv om barn ikkje har stemmerett i Noreg, så bør vi ha ei stemme

Klima på dagsorden

På ungdomstinget vart det òg snakka mykje om klimasaker.

– Vi har snakka mykje om kollektivtransport i det nye Vestland, og korleis vi skal gjere denne meir miljøvennlig. Alt i frå bossbøtter langs vegane til vegar som ladar bilen mens ein køyrer har vore tatt opp.

– På kva måte tenkjer du Sogn og Fjordane og Vestland kan bli meir klimavennlege?

– Noreg er jo allereie kome ganske langt innanfor elbilar, så eg har tru på at vi kan oppnå det same innanfor elbussar dersom vi vel å satse på det. Men før den tid tenkjer eg at kollektivtransport har eit stort forbedringspotensiale i Sogn og Fjordane, og at det er mange klimavenlege tiltak som kan bli gjort der. For eksempel fleire ladestasjonar.

Les også: Venstre-ordførarar: Vestland kan bli fossilfritt!

Spent på fylkessamanslåinga

Marthe Teigen Refsnes synest det er veldig spanande at Sogn og Fjordane skal slå seg saman med Hordaland.

– Eg føler meg ekstra heldig som skal få vere med å jobbe for eit godt samarbeid mellom dei ulike ungdomsutvala i Hordaland og oss i Sogn og Fjordane. Mange i Sogn og Fjordane er redde for at vi kjem til å bli underrepresenterte, og at demokratiet kjem til å bli svekka, så eg håpar dette ikkje blir tilfellet.

– Korleis trur du fylkessamanslåinga vil påverke ungdom i Sogn og Fjordane?

– Dersom vi får gjennomslag for fritt skuleval i heile Vestland, vil dette sjølvsagt ha mykje å seie for ungdomen i Sogn og Fjordane. Vi kjem for eksempel til å få mange fleire moglegheiter når det kjem til val av linje på vidaregåande skule, med andre ord ein større fridom når det kjem til val som har med framtida vår å gjere.

Les også: Fjord og fjell blir nytt fylkesvåpen for Vestland

Lisa Horpen, Marthe Teigen Refsnes og Leander Sunde er tre av medlemmane i ungdomspolitisk utval for 2019/2020. Sofie Krumsvik og Mathilde Tjønneland var ikkje tilstades då biletet vart teke. Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ungdomen må bli høyrd!

Marthe Teigen Refsnes går første året på Flora vidaregåande, og har vore med i Ungdommens Bystyre sidan i hausten 2018, der ho representerer skulen sin.

– Har du nokon råd til korleis ungdomsråda kan bli høyrde?

– Eit engasjert ungdomsråd med leiarar som deltar på møter kvar dei vaksne politikarane sit slår godt an, det er viktig å vise engasjement og satse stort. Lesarinnlegg i avisene er lurt!

– Kvifor er det bruk for ungdomsråd og eit ungdomspolitisk utval i fylkeskommunen?

– Fordi ungdomen treng å bli høyrd sjølvsagt! Ofte ser ungdommen ting som dei vaksne ikkje ser og omvendt, og det er desse tinga som har forma samfunnet vi lever i dag. Vi treng å sjå saker frå forskjellige perspektiv dersom forandring skal skje. Dessutan er det viktig at ungdommen får bli høyrd i saker som angår dei sjølv og deira framtid.

Har du lese denne kommentaren? Er det rettferdig at unge vestlendingar må betale mest for det grøne skiftet?