Emilie valde Luftforsvaret

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Emilie Erdal satsar no på Luftforsvaret.

– Det er veldig spennande! No veit eg at eg har noko å gå til, og eg trur det blir veldig gøy, seier ho.

Frå og med januar neste år tek ho sikte på å ta førstegongsteneste i Luftforsvaret, og rekruttperioden startar dei på Madla utanfor Stavanger.

Valet har ikkje vore like klart heile vegen. Då Framtida.no snakka med Emilie og vennene hennar på medier og kommunikasjon ved Nannestad vidaregåande om studieval i februar, var ho veldig usikker på kva ho skulle velje.

– Da vi prata med deg tidlegare i år var du veldig i tvil. Kva undersøkte du?

– Eg fann ut at eg ville gå Høgskolen i Sørøst-Norge i Drammen, der var det ei linje som heiter visuell kommunikasjon med marknadsføring. Eg bestemte meg for at der villle eg gå, men hadde framleis ikkje bestemt meg for om eg skulle ta eit friår først.

LES OGSÅ: Studieval: «Følg hjartet, bruk hovudet, ta den tida du treng!»

Vil bli lærling

Så la læraren deira ut ei lenke på ei felles facebookside. Det var ei annonse om lærling som mediegrafikar i forsvaret.

– Da søkte eg der, og så kom eg inn på sesjon 2, seier Erdal.

Da ho kom inn på sesjon 2, vart ho òg automatisk ein kandidat til vanleg førstegongsteneste, og ho vart difor tatt inn i Luftforsvaret til vanleg førstegongsteneste.

– Så no blir det uansett forsvaret frå januar. Anten bli det førstegongsteneste i Luftforsvaret, ellers så bli det praksisplass som mediegrafikar. Men dei har få lærlingplassar, så om eg skulle få lærlingplassen så er eg veldig heldig, seier ho.

Vurderer framleis å søke

Sjølv om Emilie Erdal veit kva ho no skal gjere framover, så vurderer ho framleis å søke på studieplass.

– Eg vurderer om eg skal søke på visuell kommunikasjon i Drammen og utsette det om eg får plassen, eller om eg skal vente med å søke andre studium til neste år. På eitt eller to år kan det jo hende eg skiftar meining om kva eg vil studere, så eg er fortsatt usikker på om eg skal vente med å søke, sa ho rett før søknadsfristen gjekk ut.

– Kva er motivasjonen for å ta førstegongstenesta i Luftforsvaret?

– Eg tenker at det er ei skikkeleg bra moglegheit. At ein kan lære veldig mykje i forsvaret. Og at det er ein fin start. Eg har høyrt at det er gøy og sosialt og heile pakka. Og så er det fint å ha forsvaret på cv-en seinare og, trur eg. Forsvaret er veldig fint. Eg trur det blir veldig gøy.

Erdal ser fram til eit meir praktisk år enn ho har hatt på skolebenken den siste tida.

– Det blir veldig annleis. Vi skal ut og gjere mykje forskjellig, og ikkje berre sitte inne med ei bok, så det gler eg meg til. Og så bur ein jo der, så ein får sikkert mange nye vener, seier ho.

Ho ser fram til heilt andre utfordringar.

– Eg har jo til dømes aldri prøvd å skyte før. Alt blir jo veldig nytt.