Mange fleire vil ta bachelor i Forsvaret

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mens det i 2016 var 1.174 søkjarar som ville ta ei slik utdanning i Forsvaret, er talet no oppe i 1.589. I tillegg er det forventa ein god del søkjarar heilt inn mot fristen på søndag. På grunn av utdanningsreforma i Forsvaret vart det ikkje tatt opp elevar til bachelorutdanninga frå vidaregåande skule i fjor.

Ny ordning

Hovudrekrutteringa til denne utdanninga skjer i dag direkte frå vidaregåande skule. Det har vore knytt spenning til om dårlegare økonomiske vilkår under utdanninga ville føre til svikt i rekrutteringa, men dei ferske tala peikar i motsett retning.

– Omlegging til nytt personellsystem medfører sjølvsagt ein risiko, men det ser altså ut som om mange har blitt motiverte av moglegheitene som ligg i den nye ordninga, seier forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen til NTB.

Meir spesialisert

Utdanningsreforma har samla all akkreditert og nivådannande utdanning i Forsvarets høgskole. Hensikta er å tilpasse utdanninga til ei ny ordning der personellet blir meir spesialiserte – alle skal ikkje lenger kunne det same.

Grovt sett går det no eit skilje mellom offiserar og spesialistar. Ønsker ein å gå befalsskulen må ein gå vegen via førstegongstenesta.

I desember i fjor sette Luftforsvarets flygarskule ny søkarrekord med 1.318 søkjarar, ein kraftig oppgang sidan 2016. Hærens grenaderopptak sette også ny rekord med 1.862 søkjarar 1. mars i fjor.