PST får kritikk av Språkrådet for manglande nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I vår respons til PST er me tydelege på at me forventar at alle statlege organ fylgjer loven og at det er ekstra viktig at politiet fylgjer denne delen av lovverket i sitt arbeid, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås til NRK.no.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Dramatisk nynorsknedgang

I dag kunne NRK Sogn og Fjordane melda om ein dramatisk nedgang i nynorskdelen hjå Politiets sikkerheitsteneste (PST).

Ifølgje Språkrådet sin rapport om målbruk i offentleg teneste var ikkje PST i nærleiken av å oppfylle nynorskkravet i fjor.

Nynorskdelen i PST søkk frå 28,6 prosent i 2017 til 1,6 i 2018.

Ifølgje mållova, som tok til å gjelde frå 1. januar 1981, skal statlege organ vere språklege nøytrale. Det inneber mellom anna at dei skal ha minst 25 prosent av kvar av målformene i sin skriftlege kommunikasjon med offentlegheita.

Wetås tykkjer det er spesielt synd å sjå resultata til PST etter at dei leverte såpass gode tal i 2017.

Les også: Norsk Målungdom vil gje meir makt til Språkrådet

PST lovar betring

– Me har ikkje vore gode nok på å prioritere målsettinga om 25 prosent, seier seniorrådgjevar for PST, Annett Aamodt til NRK.

Ho forklarar at PST vil sjå nærare på tilbod om tiltak frå Språkrådet, slik at dei klarar å oppfylla krava i 2019.

– No er det slik at me prioriterer dei mest alvorlege trugslane mot landets sikkerheit, men som alle andre statlege organ må me også følge mållova. Her må me berre ta tak, for prosentdelen for bruk av nynorsk har vorte dramatisk liten, seier Aamodt.

Les også om då Åse Wetås var 20, valde med hjartet og gjekk vekk frå prestisjestudium:

Noverande språkdirektør i Språkrådet Åse Wetås har aldri hatt fast stilling, for ho har valt med hjartet. Foto: Språkrådet