Klimaturen til kronprinsen til Stillehavet utløyste over 9 tonn klimagassar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utsleppa av klimagassar omfattar turen til Tonga, Fiji og Samoa og heim igjen.

Totalt enda turen på 9.170 kilo klimagassar for kronprins Haakon og 9.007 kilo klimagassar for utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF), sidan han ikkje vart med til Samoa.

Turen til landa i Sør-Stillehavet er omtrent det ein gjennomsnittleg nordmann slepper ut kvart år: 9,8 tonn klimagassar.

– Det er eit paradoks, seier kronprins Haakon til NTB. Det same seier utviklingsministeren og legg til:

– Det er eit problem vi ikkje har funne alle svara på.

Les også: Forskar Carlo Aall brukar fire ord for å forklare kvar utsleppa til enkeltpersonar er størst: Biff, bil, bustad og boeing.

Klimaavtrykk

NTB kjenner til Ulsteins reiserute til Tonga og Fiji og har tatt utgangspunkt i den same ruta for å også rekne ut klimagassutsleppa til kronprinsen. Slottet ønsker av tryggleiksmessige årsaker ikkje å oppgi reiseruta til kronprinsen. Ruta frå Noreg til første stopp Tonga var via København, Hongkong og Auckland.

Sidan Ulstein droppa Samoa for å delta på eit møte i Washington D.C., er heimreisa for både kronprinsen og utviklingsministeren rekna ut frå raskaste vegen heim til Noreg frå høvesvis Apia på Samoa og Nadi på Fiji. Den raskaste ruta heim er via Auckland og Dubai.

NTB har brukt klimakalkulatoren til FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) for å rekne ut klimaavtrykket. Kalkulatoren inkluderer ikkje andre klimagassar (ekvivalentar) enn CO2, som ved flyreiser utgjer ein vesentleg del av utsleppa som bidrar til global oppvarming.

Kondensstriper

For å få meir reelle klimagassutslepp, er det lagt til 80 prosent på utslepptalet til luftfartsorganisasjonen. Ifølgje klimaforskingsinstituttet Cicero er dette nødvendig for å få total klimaeffekt. Det vil vere til dels store variasjonar frå flyreise til flyreise, mellom anna avgjer dei meteorologiske forholda om det blir danna kondensstriper og om dei blir verande.

Dei totale utslepptala er baserte på at ein flyr business. Utanriksdepartementet stadfestar overfor NTB at det er floge business på enkelte strekningar. Slottet stadfestar at kronprinsen òg flyr business. Ved å fly business på lengre turar, kan CO2-avtrykket bli dobla. Eit privatfly vart òg nytta under turen, sidan eit kommersielt fly på turen vart forseinka. Dette har bidratt til å heve klimaavtrykket.

Les også: Meir enn 20.000 svenskar har gått saman om eit felles nyttårsforsett – å ikkje fly.

Håpar på innovasjonar

Sjølv om kronprinsen synest det er eit paradoks at han flyr til andre sida av kloden for å snakke om klimaendringane, har han tru på det å møte folk.

– Det at vi kjem hit og snakkar med dei det gjeld i Stillehavet, trur eg har ein viktig verdi. Det å møtast trur eg òg hjelper for partnarskapet og det internasjonale samarbeidet, seier han og held fram:

– Men det er klart at utslepp frå fly er ein av dei tinga vi ikkje har klart å løyse. Eg håper verkeleg at det kjem nokre innovasjonar som gjer at det er mogleg å sleppe ut færre klimagassar, kanskje ingen, òg frå fly etter kvart.

Les også meininginnlegget: Er det rettferdig at unge vestlendingar må betala mest for det grøne skiftet?

Lovar færre reiser

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein seier det er viktig at ein møtest og bygger relasjonar. Han seier han er glad for at han reiste og seier reisa har gitt han mange innspel til det vidare arbeidet med klimaforandringar og for eit reinare hav.

– Det er vanskeleg å finne dei gode svara og dei gode løysingane på utslepp-problemet. Vi prøver alltid å gjere det vi kan. Det siste eg gjorde før eg reiste, var å ha skypemøte. Men akkurat her eg har vore no, er det ingen norsk statsråd som har vore før. Skal ein bygge opp nyttige relasjonar, er det ikkje noko som kan erstatte møte ansikt til ansikt. Men likevel: Det blir ikkje mange reiser til Stillehavet. Det skal eg love deg.

Les også om undersøkinga til Framtida, som viser at det er store forskjellar i klimamåla til kommunane: – Bergen har ambisjon om å bli Noregs grønaste storby.