Lars Svisdal (33) fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har skrive med overlegg lenge. Veldig lenge. At det finst verdi for andre i skapninga alle desse åra har avfødd, er på eit nivå forbløffande, seier Lars Svisdal i ei pressemelding frå Gyldendal forlag.

Søndag 24. mars mottok han Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Prisen vart oppretta av Vesaas sjølv i 1964 og vert delt ut årleg av Den norske Forfatterforening. Prisen går til fjorårets beste unge skjønnlitterære debutant under 35 år.

Gjøa (19)

Romanen Seg til inkjes handlar om 19 år gamle Gjøa Grytbø, som har sommarjobb på turisthytta Fægrene. 19-åringen er inne i ein turbulent periode etter at faren har forlatt familien, og vil heller ikkje snakka med mor si.

I tillegg til Gjøa sin familiekonflikt er bebuarane på turisthytta i konflikt med dei på nabogarden.

Romanen vert fortalt frå ei rekkje ulike synspunkt med ulike forteljarstemmer. Juryen meiner Svisdal portretterer menneskje i all sin kompleksitet, men på ein måte som gjer at ein kan kjenne seg att.

Juryen skildrar Svisdal som eit stort forfattartalent og meiner debuten er språkleg og formmessig svært sikker, samstundes som den er både utprøvande og overskotsprega.

– Eit tydeleg talent

Romanen har fått svært gode tilbakemeldingar i fleire aviser. Aftenposten sin meldar meinte at Svisdal sin «bygderoman får det til å knake i hjernevindingene».

Redaksjonssjef for norsk skjønnlitteratur i Gyldendal, Kari Marstein, fortel at debutantprisen heng høgt.

– Lars Svisdal er ein heilt spesiell debutant med eit tydeleg talent. Seg til inkjes er ein eineståande roman, og me gler oss stort til å følgje denne forfattarskapen vidare.