Regjeringa vil gje høgare løn til «superlærarar»
Regjeringa vil gi 50 millionar kroner meir til såkalla lærarspesialistar, som får betre betalt enn andre lærarar, på statsbudsjettet for neste år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Dagbladet skal pengane gå til å tilsetje endå fleire lærarspesialistar og auke lønnstillegget deira ytterlegare. Staten skal også ta ein større del av rekninga for ordninga, som har vore prøvd ut i norske skular sidan 2015.
Utvider pilotprosjekt
Oppgåva til lærarspesialistane er å bidra med kompetanseheving og fagleg rettleiing på skulane der dei jobbar, i tillegg til at dei underviser sjølve. I fjor la NTNU og NIFU fram sluttrapporten for pilotprosjektet. Her vart det konkludert med at få av kollegene hadde opplevd dei som ressurser i arbeidet sitt, og at ordninga var dårleg forankra innad.
Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) har likevel stor tru på ordninga som no blir utvida frå å omfatte 600 spesialistar til 1.200 neste år.
– I utgangspunktet var det berre 250 spesialistar, så det var eit ganske svakt grunnlag for å evaluere effekten. Det er mange positive tilbakemeldingar også, seier Sanner.
Leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet er derimot kritisk.
– Det er mange tiltak vi ville ha prioritert framfor dette. Ei så stor utviding burde vore betre forankra, seier Handal til Dagbladet.
Les også: 1.200 lærarar manglar ved skulestart