Rekordmange lærarar søker vidareutdanning, men framleis ikkje nok

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då fristen for å søke etterutdanning gjekk ut 1. mars vart det sett ny rekord med over 11.000 søknader. No står det att å sjå om skuleeigarane godkjenner søknadane frå lærarane sine, noko dei skal vurdere innan 15. mars.

Talet på lærarar som søker vidareutdanning har i år auka med meir enn 1.100 frå 2018, ifølgje ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

– Eg håper at kommunar, fylkeskommunar og eigarar av private skular godkjenner flest mogleg søknader innan fristen, slik at lærarar som treng fagleg påfyll, får det, seier statsråd Jan Tore Sanner (H).

Les også: NTNU-forskarar: Lærarane sviktar dei svakaste elevane

Treng fleire

Kunnskaps- og integreringsminister
Jan Tore Sanner (H) er fornøgd med søkartala til vidareutdanning. Foto: Marte Garmann, Regjeringen.no

Ifølgje Sanner seier lærarar som har tatt vidareutdanning, at elevane deira lærer meir, og at dei sjølv her vorte meir engasjerte og betre til å undervise.

Det er framleis 25.000 lærarar i norsk skule som ikkje oppfyller kompetansekravet i matematikk, norsk og engelsk. Skuleeigarane har ansvar for at lærarane når kompetansekrava for faga dei underviser i innan 2025. I år er det sett av om lag 1,6 milliardar kroner til vidareutdanning.

Les også meiningsinnlegget: – Fjern det urimelege karakterkravet i matematikk!

Populær programmering

Over 800 lærarar, nesten tre gonger så mange som i fjor, har søkt om vidareutdanning i programmering i år.

– Med dei nye læreplanane frå 2020 blir algoritmisk tenking, koding og programmering ein del av fleire fag. Vi ønsker å sikre at elevar får kunnskap om og forståing for teknologi, og at dei ikkje berre bruker teknologien, men lærer å utvikle han. Derfor er eg veldig glad for at så mange lærarar ser kor viktig det er med meir kompetanse i programmering, seier Sanner.

Nytt av året er tilbod om spesialpedagogikk, som heile 900 lærarar ønsker meir kompetanse i.

– Barn og unge må få tidleg og riktig oppfølging, og fleire lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk kan bidra til dette, seier Sanner.

Les også: Lokkar elevane til yrkesfag med Lego-robot, VR-briller og klikk-app

Geografiske forskjellar

I snitt er auken i søknader 11 prosent. Det er likevel store forskjellar mellom fylka når det gjeld utvikling i søknadstala frå 2018 til i år. I Telemark er det i 2019 komme inn heile 31 prosent fleire søknader, frå 385 i fjor til 505 i år.

I Aust-Agder er auken på 27 prosent, frå 254 til 322 søknader. Andre stader går det motsett veg, som i Rogaland, der det var 1.190 søknader i 2018, medan det i år er 5,8 prosent færre, med 1.121.

Les også: Berre halvparten av elevane på vidaregåande brukar rådgjevartenesta